I norsk veksthusproduksjon blir kjemiske plantevernmiddel særleg brukte i blomsterdyrking.
Samtidig har det vore lite kjent kunnskap om kor mykje dei tilsette faktisk blir eksponerte for i arbeidskvardagen, og korleis dette påverkar både helse og den naturlege bakterie- og soppfloraen til kroppen.
Samanlikna med kontortilsette
I studien har STAMI følgt 34 tilsette i åtte veksthus og samanlikna dei med 30 kontortilsette. Forskarane målte plantevernmiddel i luft, på hud og i urin, og analyserte samtidig bakteriar og sopp i luft, på hud og i nasesvelget.
Dette er den første norske studien som kombinerer målingar av kjemisk eksponering og mikrobiologisk mangfald direkte hos tilsette i veksthus.
– Det gir eit langt betre grunnlag for å vurdere risiko og behov for tiltak i arbeidsmiljøet, seier Straumfors.
Låge nivå i luft, men tydeleg hudeksponering
Resultata viser at plantevernmiddel blei påviste i lufta i blomsterveksthus, men i svært låge konsentrasjonar ved ordinært arbeid. Dette tyder på at risikoen for eksponering ved å puste inn plantevernmiddel er avgrensa.
Samtidig viste hudprøvene at mengda plantevernmiddel på huda auka tydeleg i løpet av arbeidsdagen, særleg på underarmane. Nokre målingar viste relativt høge nivå samanlikna med før jobb, sjølv om nivåa framleis blir vurderte som låge.
– Dette viser at hudkontakt er ein viktig eksponeringsveg. Sjølv ved vanleg arbeid og sjølv om hanskar blir brukte, kan plantevernmiddel hope seg opp på huda, seier Straumfors.
I urin vart det berre funne låge nivå av plantevernmiddel hos eit mindretal av dei tilsette
Rikt mikrobielt miljø
Studien viser også at tilsette i veksthus er eksponerte for eit større mangfald av bakteriar og sopp, enn kontortilsette. Mikrobiomet på hud og i luftvegar var meir variert hos veksthustilsette, særleg i blomsterproduksjon.
Forskarane fann ingen klar indikasjon på at bruk av kjemiske plantevernmiddel reduserte det mikrobielle mangfaldet.
– Vi ser eit rikt mikrobielt miljø også i veksthus der det blir brukt kjemiske middel. Samtidig er dette komplekse system som vi framleis veit for lite om, seier Straumfors.
Førebygging er avgjerande
Sjølv om eksponeringa i hovudsak var låg, rapporterte veksthustilsette fleire helseplager etter jobb, enn kontortilsette. Nokre symptom, som tungpust og kvalme, vart berre rapportert i veksthus der kjemiske plantevernmiddel blir brukte.
– Sjølv om eksponeringa er låg, gir funna i studien signal om kvar det er viktig å førebygge, seier Straumfors.
Konklusjonen i rapporten peikar særleg på at førebygging ikkje berre handlar om sjølve sprøytinga, men om gode rutinar gjennom heile arbeidskvardagen:
- korrekt og konsekvent bruk av personleg verneutstyr
- godt vedlikehald av blande- og sprøyteutstyr
- streng overhalding av handteringsfristar etter sprøyting
- hyppig skifte og vask av klede og hanskar
- grundig vask av utsette område på kroppen etter arbeid
– Når vi ser at plantevernmiddel byggjer seg opp på huda gjennom dagen, blir det tydeleg kvifor slike tiltak er viktige, understrekar Straumfors.
Ho seier at dette er resultat som arbeidsgivarar, tilsette og styresmakter kan bruke direkte i det systematiske HMS-arbeidet. Funna er viktige for risikovurderingar og forbetring av arbeidsrutinar.
– Små forbetringar i rutinar kan ha mykje å seie. Denne kunnskapen kan bidra til tryggare arbeid i norske veksthus, seier Straumfors.