Det er viktig å ha kunnskap om kva prøvetakingsteknikkar som ein skal bruke i yrkesmiljø for å optimalisere partikkelprøvetakingsstrategien.
Kunnskap om styrkar og svakheiter til analysemetodane vil også gi deltakaren nyttig innsikt i kva metode som er best å bruke til ulike føremål.
Nordisk kurs
17. november leiar STAMI eit totimarskurs i regi av Nordisk institusjon for vidareutdanning innanfor arbeidsmiljøområdet (NIVA).
Dette kurset handlar om prøvetaking og karakterisering av luftborne partiklar i arbeidsmiljø.
Her finn du påmelding og meir informasjon om kurset
Det finst mange ulike prøvetakningsmetodar og prøvetakarar for å samle partiklar i arbeidsmiljø.
– Kva ein bruker er avhengig av kva partiklar ein skal samle, og av metodane vi bruker for å analysere. Det er derfor viktig å ha kjennskap til dette for å optimalisere prøvetakingsstrategien, seier Torunn Kringlen Ervik, som er forskar på STAMI og leiar dette kurset.
Ulike metodar
Deltakarane på kurset vil få innsikt i ulike prøvetakingsmetodar og analyseteknikkar for å karakterisere partiklar i arbeidsmiljøet, med døme frå ulike arbeidsmiljø.
Kurset passar for alle som jobbar med kjemisk eksponering i arbeidsmiljø, som forskarar innan yrkeseksponering, yrkeshygienikarar, Arbeidstilsynet og legar i arbeidsmedisin, seier Ervik.
I kurset får deltakarane tre presentasjonar, der det òg blir tid til spørsmål og diskusjon:
- Ein introduksjon om prøvetaking av svevestøv på arbeidsplassen
- Sanntidsmålingar brukt i arbeidsmiljøet
- Partikkelkarakterisering ved skanning og transmisjonselektronmikroskopi.