Arbeid er ein grunnleggande aktivitet for menneske i vår tid. Dersom arbeidet er organisert på ein god måte, er arbeid bra for menneske sin psykiske helse. Arbeidet er ei kjelde til økonomisk tryggleik, meistring, og å høyre til.

Forsking viser at ein har auka risiko for psykiske helseproblem dersom ein mister jobben, og at den psykiske helsa blir betre for dei som kjem tilbake i arbeidslivet.

Jobben speler ei sentral rolle

Men eit godt arbeidsmiljø er avgjerande for at jobben speler ei positiv rolle for helsa. Arbeidsmiljø handlar om arbeidet, og spesielt korleis ein organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet.

– Det er vanskeleg for oss forskarar å isolere årsakene til psykiske plager og lidingar. Men halvparten av alle yrkesaktive med psykiske plager, oppgir at plagene heilt eller delvis skuldast høve på jobben, seier Håkon Johannessen, som er forskar og gruppeleiar på STAMI.

Les meir om psykososialt arbeidsmiljø her

Sjå webinar

I dette webinaret, arrangert saman med Studieforbundet AOF og LO, fortel Johannessen om korleis arbeidsmiljø påverkar den psykiske helsa til folk på jobb. Du kan sjå webinaret i videoen over, på denne sida.

Det som kjenneteiknar ein gunstig arbeidssituasjon er at det det er mogleg å påverke arbeidet, ein kan bruke fleire evner, samarbeid i arbeidsprosessen, og at arbeidet gir meining i seg sjølv. Då er det mindre risiko for at arbeidet bidrar til psykiske plager.