Det viser ein ny systematisk kunnskapsgjennomgang frå STAMI.
– Jobb handlar ikkje berre om pengar
For dei fleste av oss er arbeid ein viktig del av livet – både økonomisk og sosialt. Det gir tilhøyrsel og identitet. Når jobben forsvinn, mistar mange meir enn berre inntekt. Det kan bety tap av rutinar, status og sosial fellesskap, som igjen kan gi auka psykisk belastning.
– Jobb handlar ikkje berre om pengar. Det gir struktur i kvardagen, sosial kontakt og ei kjensle av meining, seier STAMI-forskar Tom Sterud, som har leidd arbeidet med å samanfatte forskinga på korleis arbeidsløyse og re-sysselsetting påverkar psykisk helse.
Tærer på den psykiske helsa
Oppsummeringen samanfattar resultata frå 38 longitudinelle studiar, dvs. studiar der ein følgjer personar i arbeidsstyrken over tid og inkluderer studiar frå Europa, Australia, USA og Asia. Resultata viser at arbeidsledige har ein høgre risiko for psykiske helseproblem samanlikna med sysselsette.
– Sjølv om effektane ikkje er veldig sterke, er dei konsistente på tvers av land og analysemetodar. Arbeidsløyse ser ut til å påverke den psykiske helsa negativt, forklarer Sterud.
Forskinga peikar på fleire moglege årsaker: økonomisk uvisse, tap av sosial kontakt, og svekt oppleving av kontroll over eige liv. Studien viser også langvarig arbeidsløyse aukar risikoen ytterlegare.
Å komme tilbake i jobb kan redusere risikoen
Men kva skjer når ein får ny jobb? Her er bodskapen meir optimistisk.
Analysen viser at re-sysselsetting – det å komme tilbake i arbeid – kan redusere risikoen for psykiske helseplager.
Sterud påpeikar at arbeidsmiljøet kan vere ein viktig faktor her.
– Få studiar har undersøkt dette, men dei som finst, antydar at trygge jobbar med eit godt psykososialt arbeidsmiljø kan bidra til betre psykisk helse. Derimot ser det ut til at usikre eller belastande jobbar ikkje nødvendigvis reduserer psykiske plager samanlikna med arbeidsløyse, sier han.
Ikkje heile forklaringa
Sjølv om funna peikar i same retning, understrekar Sterud at årsakssamanhengen ikkje er eintydig. Mange av studiane kan ikkje fullt ut skilje mellom kva som er årsak og verknad.
– Personar med betre psykisk helse har større risiko for å få ny jobb. Dermed kan delar av forbetringa komme av at det nettopp er dei friskaste som kjem tilbake i arbeid, seier Sterud.
Trygge jobbar med eit godt psykososialt arbeidsmiljø kan bidra til betre psykisk helse.
Han påpeikar at det er vanskeleg å designe studiar som eintydig kan avdekkje om forbetringa i psykisk helse er ei årsak til re-sysselsetting eller ei følgje av den. Dei fleste studiane har brukt spørjeskjema for å måle både arbeidsstatus og psykisk helse, og oppfølgingstidene strekkjer seg ofte over fleire år. Dette gjer det utfordrande å fastslå når i forløpet helsa blir betra.
Tiltak med helsegevinst
Forskarane bak studien peikar på at tiltak som styrkjer jobbtryggleik, sikrar eit godt arbeidsmiljø, og gir rask oppfølging til personar som mistar jobben, kan ha store gevinstar – både for psykisk helse og for kor raskt dei kjem tilbake i arbeid.
– Tiltak som kombinerer støtte til jobbsøking med psykososial oppfølging, som lågterskel psykologisk hjelp, kan forkorte vegen tilbake til arbeidslivet, seier Sterud.
Behov for meir kunnskap
Fleire studiar med hyppigare målingar og betre data om arbeidsstatus, arbeidsmiljø og psykisk helse kan gi eit klarare bilete av når og korleis re-sysselsetting bidreg til betre psykisk helse. Det er ikkje gitt at arbeid alltid er rett løysing for personar med psykiske plager, og effekten vil nok avhenge av både alvorsgrada av plagene og kvaliteten på arbeidsforholda.
– Vi treng å vite meir om kven som har mest nytte av å komme tilbake i arbeid, kva som skal til for at personar med psykiske plager faktisk kan komme i jobb, og korleis arbeidsforholda påverkar helsa over tid, seier Sterud.