Hjem Nyheter Klor kan vere ein helserisiko for tilsett[...]

Klor kan vere ein helserisiko for tilsette i symjehall

Klor må til for å halde bassenga reine, men det kan by på utfordringar for dei tilsette i bassenganlegg.

Det kjem fram i ein ny studie som forskarar frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har gjennomført saman med svenske kollegaer.

Innandørs symjebasseng blir brukt til både rekreasjon og underhaldning, og til helseformål, som rehabilitering og trening. Men når ein bruker symjebasseng er det også risiko knytt til dette, som ulykker og smittsame sjukdommar.

Ettersom mange bruker dei same bassenga, aukar risikoen for spreiing av smittsame sjukdomar i vatnet.

Gir reint vatn

For å halde anlegga trygge for tilsette og gjestar, må ein desinfisere vatnet.

I symjeanlegg er det vanleg å tilsetje klorsamband for å halde vatnet reint. Kloroform er eit kjemisk stoff som kan dannast når klor blir brukt til å desinfisere vatnet i symjebasseng.

Det er kjent frå tidlegare undersøkingar at inhalering eller hudkontakt med kloroform kan ha helseskadelege effektar, som til dømes leverskade og kreft.

Utsett for kloroform

I studien har forskarane undersøkt nivåa av kloroform i lufta og vatnet i innandørs symjebasseng, og sett på korleis dette påverkar dei tilsette.

− Resultata viser at tilsette i badeland er utsett for kloroform, både frå luft og vatn. Konsentrasjonane var høgare etter at arbeidsdagen var fedig, noko som stadfesta at arbeidet i symjebassenga var kjelda til eksponeringa, forklarer Pål Graff, som er forskar ved STAMI og har bidrege til studien.

Forskarane målte konsentrasjonen av kloroform i luft og vatn i fleire badeland. Dei samla også urinprøver frå dei tilsette både før og etter arbeidstida for å undersøkje kor mykje kloroform som vart teken opp i kroppen.

Ved å analysere desse urinprøvene kunne dei få eit klart bilete av kor mykje kloroform dei var eksponerte for.

− Studien viser at det er nødvendig med tiltak for å redusere kloroformeksponeringa for tilsette i innandørs symjebasseng. Det kan til dømes handle om betre ventilasjon, optimalisering av klorbruk, og regelmessig overvaking av luft- og vasskvalitet, seier Graff.

Urinprøver gir nyttig informasjon

Eksponering for kloroform blant dei som arbeider i symjehallar blir ofte vurderte ved hjelp av stasjonær prøvetaking. Dette speglar ikkje eksponeringsvariasjonar blant menneske.

Denne studien målte kloroformeksponering ved bruk av personleg luftprøvetaking og analyse av urinprøver.

− Dette tyder på at kloroform i urin kan vere ei nyttig eksponeringsmåling for arbeidarar i symjeanlegg, avrundar forskaren.

Les vitskapeleg artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk