Hjem Nyheter Høge nivå av sopp og bakteriar i avfallsanlegg

Høge nivå av sopp og bakteriar i avfallsanlegg

Dei tilsette på anlegg som sorterer avfallet vi kastar i søpla heime, blir eksponerte for høge nivå av sopp og bakteriar, viser ein ny STAMI-studie.

Avfallet vi kastar i søpla på kjøkkenet, blir henta i bilar og køyrt til ulike typar avfallsanlegg. Dei mest moderne avfallsanlegga sorterer plast-, mat-, og restavfall frå kvarandre automatisk. Det gjer at fleire ressursar kan bli brukt på nytt, etter at vi har kasta det.

Men samtidig betyr det at sopp og bakteriar i avfallet i større grad blir spreidd i lufta i avfallsanlegga, og forskarar ved STAMI har no kartlagt kva dette betyr for arbeidsmiljøet til dei tilsette i anlegga.

– Vi vart kontakta av bedriftshelsetenester på avfallsanlegg, som sa at tilsette hadde ein del sjukefråvær, mellom anna på grunn av tarm- og mageproblem, så vi byrja å kartlegge miljøet i anlegga. Og det er særleg sopp og bakteriar dei tilsette blir eksponerte for, seier STAMI-stipendiat Elke Eriksen, som er førsteforfattar for denne studien i avfallsprosjektet.

Kontakt med avfallet

Dei har tatt prøver på eit nytt, heilautomatisk avfallssorteringsanlegg som handterer avfall frå 95.000 norske hushald.

Men sjølv om det er automatisk, er dei tilsette likevel i kontakt med avfallet når dei skal gjere vedlikehald og reingjering av maskiner. I tillegg løyser dei flokar manuelt, når ting heng seg fast.

Under desse arbeidsoppgåvene hadde dei tilsette på seg luftprøvetakarar for å finne bioaerosolar i lufta.

Dei automatiske sorteringsanlegga er i prinsippet mogleg å styre frå eit kontrollrom, utan støvet frå avfallet. Maskinene sorterer avfallet optisk, etter fargar, og flyttar plast-, mat- og restavfall til riktig plass, med ein trykkluftkanon.

Men i praksis må dei tilsette ofte inn til maskinene og løyse ting som har sett seg fast, og drive vedlikehald og reingjering.

Støv frå avfallet blir spreidd i lufta, hovudsakleg på grunn av trykkluftkanonene i maskinene, og trykkluft som dei bruker til reingjering. Då blir dei eksponert for bakteriar og sopp frå støvet frå avfallet.

Langt over tilrådd nivå

Nokre av prøvene viste nivå av støv som var høgare enn grenseverdiane for organisk støv i arbeidsmiljøet.

Men eksponeringa for bakteriar og soppsporar var mange gongar høgare enn tilrådde effektverdiar, i alle prøver. Nivået av endotoksiner, ein type bakterieprodusert giftstoff som finst på celleveggen til ein bakterie og blir frigjort når bakterien døyr og går i oppløysing, var sju gongar høgare enn tilrådd eksponeringsnivå. Og nivået av soppsporar var 11 gongar høgare.

– Vi forventa å finne både bakteriar og sopp, spesielt om sommaren. Men dei på anlegget vart overraska av at det var så høge verdiar. Anlegga har gode luftesystem, men dei visste ikkje at dette virker så lite på støvnivåa i anlegga, seier Eriksen.

Etter desse prøveresultata har anlegga utstyrt dei tilsette med vifteassisterte, heildekkande masker, til bruk under visse arbeidsoppgåver.

Ikkje overraska

Støvet inne i anlegga inneheld altså mikrobielle komponentar som kan gi inflammasjonar i dei som blir eksponert for det.

– Materialet dei jobbar med er søppel, så det er ikkje overraskande at det er støv i lufta der inne. Eit slikt miljø bør vente at det kan få helseskadelege konsekvensar om ein ikkje har verneutstyr, seier Eriksen.

Dei tilsette kjenner på kroppen at avfallet påverkar dei.

– Kroppen tilpassar seg, så viss ein blir eksponert for støv over lang tid, så byggjer kroppen opp immunsystemet. Nytilsette på avfallsanlegg får ofte meir mage- og tarmproblem i dei første vekene, men for mange blir dette problemet mindre etter kvart, seier stipendiaten.

Les vitskapeleg artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk