Hjem Nyheter Heimekontor kan verke inn på kor mykje du[...]

Heimekontor kan verke inn på kor mykje du drikk

Viss du jobbar heimanfrå to dagar i veka eller meir, aukar risikoen for at du drikk meir alkohol. Det viser ein ny rapport frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Forskarar på har sett nærare på korleis arbeid på heimekontor i meir enn 15 timar – eller to dagar i veka – heng saman med alkoholkonsum. Resultata viser at arbeidstakarar som jobbar heime, drikk meir enn arbeidstakarar som må møte på ein arbeidsplass utanfor heimen.

– Studien viser at tilsette som jobbar minst 15 timar heime i veka, oftare drikk sju eller fleire einingar i veka. Altså i snitt minst ei eining dagleg, seier Morten Birkeland Nielsen, forskar ved STAMI og førsteforfattar av studien.

Bør vere merksame

Han påpeikar at det ikkje er snakk om store forskjellar, og at det ikkje er slik at heimekontor fører til alkoholisme.

– Men det auka sannsynet for å drikke meir når ein sit heime, kan vere ein risikofaktor for personar som allereie slit med alkoholbruk, seier han.

Han peikar på at både arbeidsgivarar og arbeidstakarar bør vere merksame på at arbeid på heimekontor kan påverke livsstilsvaner, inkludert alkoholkonsum.

Gjer det lettare å drikke

Forskaren trekker fram to forklaringar på kvifor arbeid heimanfrå er forbunde med høgare alkoholforbruk.

– For det første kan det vere at tilsette med høgt forbruk vel å jobbe heime for å skjule alkoholbruken for arbeidsgivaren og kollegaene. For det andre reduserer heimearbeid terskelen for å drikke alkohol og gjer det lettare å drikke alkohol når det elles ikkje ville skjedd, seier han.

Mindre sosial tryggleik

Arbeid heime reduserer kontakten med kollegaer og dermed moglegheita for arbeidsrelatert sosial tryggleik. Sosial tryggleik er ein viktig meistringsstrategi. Fleire studiar har vist at det å ha effektiv sosial tryggleik er ein av dei viktigaste faktorane for velvære,  og ein antar at slik tryggleik verker positivt på helsa og vernar mot mistrivsel.

– Ei tredje forklaring på funna våre kan difor vere at arbeid heime reduserer sannsynet for å oppleve arbeidsrelatert sosial tryggleik, og dermed aukar bruken av andre og meir dysfunksjonelle meistringsstrategiar, som til dømes auka alkoholkonsum, seier Birkeland Nielsen.

Data som er brukt i denne studien vart samla inn før pandemien. Dermed veit forskarane at funna representerer ein normalt arbeidssituasjon. Den auka alkoholbruken hos heimearbeidande kan altså ikkje forklarast med bekymringar og angst knytt til pandemien.

 

Data vart samla inn blant norske arbeidstakarar mellom 2004 og 2019.

Deltakarane vart spurde om kor mange einingar alkohol dei typisk drikk i løpet av ei veke.

Vala dei fekk, var: 0, 1–2, 3–4, 5–6, 7–9 og meir enn 10. Dei to siste kategoriane vart slått saman.

Ei eining er 10–15 g etanol, som i ein halvliter øl, eit glas raudvin eller ein vanleg drink.

  1. 728 tilsette vart inkluderte i undersøkinga.

1, 9 prosent av dei jobba heime minst 15 timar i veka.

Høgt alkoholkonsum var vanlegare blant dei som jobba heimanfrå enn blant resten av arbeidstakarane.

Samanhengen heldt seg sjølv etter at forskarane hadde justert for alder, kjønn, leiarstilling og utdanningsnivå.

Les vitskapeleg artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk