STAMI har nyleg oppsummert all relevant forsking om heimekontor og arbeidsmiljø, publisert etter 2020.

Denne oppsummeringa gir oss ikkje svar på om heimekontor er bra eller dårleg. Men den viser oss at det er gode grunnar til at ein bør vere varsom med kor mykje arbeid på heimekontor ein legg opp til i organisasjonen.

Fleire artiklar tyder no på at ein moderat grad av arbeid heimefrå kan virke positivt på helse og arbeidsmiljø. Mens det å jobbe ofte eller kun heimefrå kan ha negative verknader.

Eit tydeleg funn er at arbeid heimefrå, utanfor normal arbeidstid, ser ut til å ha ein utelukkande negativ verknad på arbeidsmiljø og helse.

Her kan du sjå eit webinar om heimekontor, arbeidsmiljø og helse:

Fleksibilitetsparadokset

Vi ser i arbeidslivet at mange arbeidstakarar har forventingar om fleksible ordningar, og det å bestemme sjølv kvar ein vil arbeide er ein del av dette. Det kan vere fordi ein i større grad vil påverke sin eigen arbeidssituasjon, og korleis ein vil balansere arbeid og fritid.

Men meir fleksibilitet og meir arbeid på heimekontor kan også føre til nokre utilsikta konsekvensar, som vi kan kalle eit fleksibilitetsparadoks.

Paradokset handlar om at ein forventar at heimekontor vil gi fleksibilitet til å balansere arbeid, fritid og familieliv på en betre måte. Men samtidig tyder fleire studier på at det i realiteten kan gi større ubalanse.

– Vi har sett at arbeid heimefrå kan gi ei oppleving av å kunne påverke sin eigen arbeidssituasjon. Men samtidig opplever mange ei større arbeidsmengd og større krav til å vere tilgjengeleg for arbeidsgivar, seier Jan Olav Christensen, som er forskar på STAMI.

STAMI tilrår derfor for norsk arbeidsliv å vere klar over dette paradokset, og ta det med i planlegginga og risikovurderingar når ein jobbar vidare med å organisere bruken av heimekontor i organisasjonen.

Fem råd

På bakgrunn av funna i denne kunnskapsoppsummeringa kan STAMI gi fem råd om korleis ein kan bruke heimekontor, og samtidig ha eit godt arbeidsmiljø i organisasjonen.

1 Kontor tilpassa arbeidsoppgåvene

Det er lurt å arbeide i kontorløysingar som i høgst mogleg grad er tilpassa arbeidsoppgåvene ein skal gjere.

Utforming av kontor skal dekke mange ulike behov. Dersom ein veljer kontorkonsept som er tilpassa arbeidet ein skal gjere, er dette positivt for arbeidsmiljøet.

2 Heimekontor som passer til arbeidet

Bruk heimekontor når arbeidsoppgåvene passer til det.

Individuelt konsentrasjonsarbeid fungerer bra på heimekontor, mens samhandling i grupper fungerer fungerer best på arbeidsplassen, viser forsking.

Derfor er det lurt at det er arbeidet som avgjer valet om kvar ein skal jobbe, heller enn faste dagar på arbeidsplassen og heimekontoret. Det er viktig at valet om å jobbe på kontoret eller heime er frivillig.

3 Fungerande arbeidsplass til alle

Pass på at alle alltid kan kome til ein fullt fungerande arbeidsplass.

Når det er plass til alle på arbeidsplassen, er det mogleg å velje kontoret, eller heimekontoret, basert på arbeidet ein har planlagt den aktuelle arbeidsøkta.

Det er viktig at det er tilrettelagt for både gruppearbeid og individuelt konsentrasjonsarbeid, slik at ein ikkje er tvunge til å bruke heimekontor når ein skal konsentrere seg.

4 Retningslinjer for arbeid på heimekontor

Skap klare forventingar og avgrensingar for korleis og kor mykje ein bruker heimekontor.

Slik kan ein unngå at dosen av heimekontor blir for høg, og passe på at arbeidets art er utgangspunkt for kvar ein vel å arbeide.

5 Arbeidsmiljø gjeld også på heimekontor

Arbeidsmiljø handlar om arbeidet, og det som gir godt og dårleg arbeidsmiljø på arbeidsplassen gjeld også for arbeidsmiljø på heimekontoret.

Heimekontor er ikkje i seg sjølv opphav til godt eller dårleg arbeidsmiljø. Men arbeid heimefrå setter rammer for arbeidet som er annleis enn på arbeidsplassen.

Derfor er det viktig å vere klar over korleis faktorar som uklare roller og rollekonflikt, jobbkrav og jobbkontroll, leiarstøtte, og balanse mellom jobb og privatliv, kan påverke arbeidsmiljøet på arbeidsplassen og heime.

Godt rusta

Klarer ein å følgje desse fem råda, kan ein stille godt rusta til ein situasjon der tilsette kan bruke heimekontor, utan å påverke arbeidsmiljø på ein negativ måte.

Alle verksemder er ulike, og desse råda vil passe ulikt på ulike arbeidsplassar. Likevel vil alle ha nytte av å organisere arbeidet og omgjevnadane, slik at ein kan gjennomføre arbeidet på ein mest mogleg effektiv måte.

Det har positive verknader på arbeidsmiljøet, som igjen gir lavare sjukefråvær, betre motivasjon, og betre produktivitet.