Korleis kan vi skapa trygge og gode arbeidsmiljø i ein kvardag prega av høge krav, omstilling og tidvis vanskelege brukarmøte?
I dette nettseminaret ser vi nærmare på ‘En bra dag på jobb’, som er eit gratis og forskingsbasert verktøy utvikla i samarbeid med tilsette og leiarar i offentleg sektor.
I seminaret møter vi Indira Rizvanovic, som er avdelingsleiar i NAV Drammen. Dei er blant fleire verksemder som bidrog i utviklinga av verktøyet for å gjera det kjenneleg og treffsikkert.
Rizvanovic deler refleksjonar om utfordringar som vanskelege brukarmøte, høge krav og betydninga av å ha kollegaer og leiarar tett på i kvardagen for å kunne støtte kvarandre og ta tak i ting tidleg.
Vi får også høyra korleis kollegarettleiing, kompetanseutvikling og bruk av ‘En bra dag på jobb’ kan bidra til tryggleik, fellesskap og læring. Verktøyet gir eit felles språk for å snakka om krevande situasjonar og skaper rom for refleksjon og konkrete løysingar, slik at fleire kan stå i jobben over tid og oppleva nettopp ein bra dag på jobb.