Hjem Nyheter Doktorgrad med ny kunnskap om kvarts i ar[...]

Doktorgrad med ny kunnskap om kvarts i arbeidslufta

Eksponering for støv og kvarts i byggebransjen kan føre til alvorlege helsekonsekvensar. Ein ny doktorgrad frå STAMI dokumenterer omfattande støveksponering blant både rivingsarbeidarar og anna personell på byggeplassen.

Som ein del av det grøne skiftet blir gjenbruk av bygg stadig viktigare. Dermed blir det vanlegare med innvendig riving og bearbeiding av eldre bygningsmasse.

Renoveringsarbeid reduserer behovet for nybygg og materialforbruk, men kan samtidig medføre spesifikke helsefarar for arbeidarane.

Forsking frå STAMI viser at riving og bearbeiding av vanlege byggematerialar som mur og betong frigjer store mengder respirabelt støv og kvarts.

Når veldig mange kvartspartiklar blir innanda over tid, kan det føre til lungesjukdomar. Dei partiklane som trengjer lengst ned i lungene (respirable), er i tillegg klassifiserte som kreftframkallande.

Bygg og anlegg er ei utsett bransje

Bygg og anlegg er ein av bransjane med høgast eksponering for støv.

I arbeidet med doktorgraden sin har stipendiat på STAMI, Johanne Østereng Halvorsen, kartlagt støvet sin samansetning, nivå og kven som vert ramma. Ho har følgt 92 arbeidarar på 14 ulike rive- og renoveringsprosjekt. Saman med kollegaer samla ho inn over 180 støvprøver og analyserte dei med avansert røntgenteknologi for å sjå om dei inneheldt kvarts.

– Målingane våre viser at eksponeringa for kvarts framleis er omfattande for tilsette i denne bransjen, seier Halvorsen.

– Vi målte støv i tre fraksjonar – inhalerbart, torakalt og respirabelt. Det gav oss eit heilskapleg bilete av kva arbeidarane faktisk pustar inn i løpet av ein arbeidsdag, legg Østereng Halvorsen til.

Støvfakta

Inhalerbart støv: støv som ein kan puste inn gjennom nase og munn
Torakalt støv: støvpartiklar som er så små at dei kan passere nase og strupehovud
Respirabelt støv: dei minste støvpartiklane som kan nå heilt ned i lungene

Påverkar og anna personell

Målingane viste at arbeidarane hadde høg eksponering for både støv og kvarts ved mekaniske arbeidsoppgåver som skjering, pigging, pussing og fresing, i tillegg til rydding av riveavfall. Også arbeidarar som ikkje sjølv sto for rivinga viste seg å vere utsette.

Dersom støvet ikkje vert fjerna effektivt, kan dei minste partiklane spreie seg til andre delar av bygget, der arbeidarar som jobbar med andre oppgåver, kan bli eksponerte for kvarts over grenseverdi utan å vere klar over det.

– Det var særleg urovekkande å sjå at sjølv dei som berre oppheld seg i bygget, kan puste inn støv dersom ventilasjonen er dårleg, seier Østereng Halvorsen.

Lufta kan vere giftig lenge etter riving

Ein viktig faktor som bidreg til høg eksponering, er at mange rive- og renoveringsprosjekt skjer innandørs – ofte i tett lukka bygg.

– Støvet blir verande i lufta lenge etter at sjølve arbeidet er gjort. Det fører til at også dei som ryddar etterpå, eller berre går gjennom rommet, kan bli utsette for kvarts, forklarar Østereng Halvorsen.

Dette viser ifølgje Østereng Halvorsen kvifor dagens praksis for måling og grenseverdiar ikkje nødvendigvis er god nok.

– Langvarig eksponering, sjølv under grenseverdiane, kan framleis vere helseskadeleg, understrekar ho.

Støvet sitt DNA

I tillegg til å måle eksponering, ønskte Halvorsen å finne ut meir om sjølve støvet. Med metoden Rietveld refinement kunne ho identifisere kva mineral støvet inneheldt.

– Metoden hjelpte oss med å spore kjeldene til støvet – for eksempel om det kom frå betong eller mur. Vi kunne også fange opp andre skadelege stoff, fortel Østereng Halvorsen.

Ho meiner tiltak for å redusere støveksponering vil vere nødvendige for å sikre helsa til arbeidarane – no og i framtida.

– Ved å ta tak i desse utfordringane kan bransjen bidra til å redusere risikoen for alvorlege helseproblem blant arbeidarar, samtidig som ein støttar ei berekraftig utvikling av byggesektoren, konkluderer ho.

Disputas torsdag 12. juni 2025

Johanne Østereng Halvorsen disputerer 12. juni 2025 kl. 12:15 med avhandlinga “Occupational exposure and characterization of dust and respirable crystalline silica from indoor demolition and renovation”. Disputasen finn stad i auditoriet Gullvepsen i Bikuben på Campus Ås.

Les vitskaplege publikasjonar

Få nyhetsbrev
Lukk