Det er kjent at mange kvinner opplever å måtte sjukemelde seg under svangerskap. Ifølge tal analysert av Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø (NOA) ved STAMI, hadde gravide i siste tredjedel av svangerskapet, samanlikna med ikkje-gravide, fem gongar så mykje sjukefråvær i 2015. Tala viser at den gjennomsnittlege sjukefråværsprosenten blant gravide var 26 prosent, medan den var om lag 5 prosent for ikkje-gravide kvinner.

Ei rekke tidlegare studiar har vist at visse arbeidsmiljøfaktorar aukar risikoen for sjukemelding blant gravide. Men til no har tidlegare studiar berre studert risikofaktorar kvar for seg, og ikkje sett på kva risikoen er dersom ein blir utsett for fleire belastande arbeidsforhold samtidig.

Tredobla risiko ved fleire belastande arbeidsforhold

I ein nyleg publisert studie på danske arbeidstakarar, som STAMI har bidrege i, ønskte derfor forskarar å undersøke om det å bli utsett for fleire belastande arbeidsmiljøfaktorar aukar risikoen for fråvær ytterlegare, enn ved å bli belasta av færre eller ingen. Dei undersøkte følgande forhold:

  • Høge krav i arbeidet
  • Låg innflytelse på arbeidet
  • Arbeidsstilling (ståande og gåande)
  • Arbeidstid utover normal dagtid
  • Løft i arbeidet

I studien fann dei at dess fleire belastande arbeidsforhold som den gravide rapporterte å vere utsett for, dess større var risikoen for sjukemelding under svangerskapet:

– Risikoen for fråvær var nesten tre gongar så høg blant gravide som var utsatt for fire til fem faktorar, samanlikna med dei som oppgav at dei ikkje var utsatt for dei belastande faktorane, fortel Petter Kristensen, forskar ved STAMI, som bidrog i studien.

– Fornuft tilseier at sjukefråvær og helse i svangerskapet vil vere avhengig av arbeidsmiljøkvaliteten som heilskap og ikkje enkeltelement. Funna i denne studien er med det som vi forventa, og gjeld derfor truleg like mykje i Noreg som i Danmark. Denne kunnskapen er praktisk viktig for korleis vi skal organisere og gjennomføre tilrettelegging av arbeidet for gravide, utdjupar han.

Tilrettelegging i arbeidet er heilt nødvendig

Den nye studien føyer seg inn i rekka av studiar som understreker at god tilrettelegging på jobb er nødvendig for å kunne redusere sjukefråvær blant gravide arbeidstakarar. Tiltak vil ikkje berre vere til fordel for gravide arbeidstakarar, men også for arbeidsmiljø og produktivitet i verksemder.

– Graviditet er noko mange kvinner må gjennom, og i dei fleste tilfelle krevst det konkret og spesiell tilrettelegging for at den gravide skal kunne stå i jobb. Denne studien bekreftar et ein viktig del av førebygginga av skadeleg påverknad i svangerskapet må bygge på individuell vurdering og omfatte alle delane av arbeidsmiljøet, ikkje berre enkeltelement som til dømes kjemisk eksponering, påpeikar Kristensen.

Kristensen forklarar at éin måte å sørge for tilrettelegging er å ha ein såkalla trepartssamtale, kor den gravide, næraste leiar og bedriftshelsetenesta sit saman og vurderer risiko og kva som skal til for å oppnå god tilrettelegging.

Slik vart studien gjennomført

Over 50.000 gravide kvinner i Danmark som jobba minst 30 timer i veka vart intervjua om kor vidt dei var utsatt for høge krav i arbeidet, hadde låg innflytelse på arbeidet, arbeidsstilling (ståande og gåande), arbeidstid utover normal dagtid og løft i arbeidet. Studien er ein prospektiv studie av høg metodisk kvalitet, som betyr at forskarane fylgde familiar i undersøkinga over tid, frå svangerskap og vidare i livslaupet. Ein mogeleg svakheit er at den gravides arbeidstid og fysiske belastning var subjektiv, og ein kan tenke at objektive målingar kunne vore betre.

Studien var basert på den danske nasjonale fødselskohorten ”Bedre Sundhed i Generationer” som tilsvarar Den norske mor, far og barn-undersøkelsen (MoBa-studien) som er leia av Folkehelseinstituttet.