Søvn påverkar ei rekke fysiologiske prosessar som regulering av immunrespons, appetitt, utskiljing av hormon og funksjonen til hjarte- og karsystemet. Sjølv milde søvnvanskar er forbunde med svekt livskvalitet og helse.
I Noreg oppgir om lag 30 prosent av alle yrkesaktive at dei har hatt søvnvanskar i løpet av den siste månaden. Det er mange årsaker til dette, men 38 prosent av dei som rapporterer om søvnvanskar, seier at plagene heilt eller delvis kjem av forhold på jobben.
Tidlegare forsking frå STAMI har vist at det psykososiale arbeidsmiljøet er viktig med omsyn til søvn. Men desse studiane har berre inkludert eit avgrensa tal faktorar, og det har vore mindre kjent korleis mobbing på arbeidsplassen speler inn. I samarbeid med Universitetet i Bergen har STAMI gjennomført ei systematisk kunnskapsoppsummering med ein tilhøyrande oppfølgingsstudie av samanhengen mellom mobbing og søvnvanskar.
Kort oppsummert
Samanlagt peikar studiane mot at mobbing er ein viktig jobbrelatert risikofaktor for å utvikle søvnproblem.
- Personar som var utsette for mobbing på arbeidsplassen, rapporterte ein signifikant auke i søvnproblem over tid.
- Å ha søvnproblem aukar derimot ikkje risikoen for å oppleve seg mobba.
Når det gjeld forsking på tiltak, er kunnskapen framleis nokså avgrensa. Til no veit vi mellom anna at støtte frå leiarar speler ei viktig rolle med omsyn til kva slags helsemessige reaksjonar dei tilsette får etter å ha vore utsette for mobbing. Men vi treng å vite meir om korleis organisasjonar kan jobbe betre for å hindre mobbesaker, og dessutan med å redusere dei helsemessige konsekvensane av mobbing.
Kva er mobbing?
Mobbing vil seie å bli utsett for fleire trakasserande handlingar over tid. Det er også eit kjenneteikn at den som blir utsett for handlingane opplever ein maktubalanse i forhold til mobbar, noko som gjer det vanskeleg å forsvare seg.
Mobbehandlingar kan til dømes vere verbale angrep, å bli baksnakka, eller å bli sosialt ekskludert. Det kan òg vere handlingar retta mot arbeidet, slik som å bli sett til arbeid under kompetansenivået sitt eller ikkje få den naudsynte informasjonen for å kunne gjennomføre arbeidsoppgåvene sine.
Desse mobbehandlingane kan òg gå føre seg digitalt, ved at ein til dømes blir utelate frå e-postkommunikasjon, ikkje blir invitert inn i digitale møtepunkt eller blir latterleggjort i sosiale medium.
I den første studien gjennomførte forskarane ei systematisk kunnskapsoppsummering for å få oversyn over eksisterande forsking. Det vart funne 26 tidlegare studiar som hadde undersøkt samanhengar mellom mobbing og søvn. Desse studiane viste at tilsette som opplevde seg mobba, hadde heile 131 prosent større sannsyn for å oppleve søvnproblem.
Problemet var at hovudvekta av studiane hadde undersøkt mobbing og søvnproblem på eitt og same tidspunkt. Det var difor ikkje mogleg å seie noko om årsakssamanhengar. Ein kunne til dømes ikkje avvise at samanhengen hadde andre forklaringar, som at personar med søvnproblem har lågare terskel for å oppleve seg mobba.
For å kunne seie noko sikrare om i kva grad mobbing påverkar søvn, gjennomførte forskarane ein prospektiv oppfølgingsstudie. Dette vil seie at ein undersøker deltakarar i ein studie over tid. Dei såg på samanhengen med seks månaders mellomrom i eit utval som inkluderte over 1100 norske arbeidstakarar. Studien viste at viste at personer som var utsette for mobbing rapporterte en signifikant økning i søvnproblemer over tid.