Hjem Nyheter STAMI har kartlagt omfanget av dieselekso[...]

STAMI har kartlagt omfanget av dieseleksos i petroleumsnæringa

Det er generelt lave nivå av dieseleksos i næringa, men det er betydelege variasjonar mellom målingar, viser ein ny rapport frå STAMI.

I petroleumsnæringa vil dei tilsette i ulike samanhengar bli eksponert for dieseleksos. Denne eksosen kjem oftast frå dieselaggregat som er i bruk under driftsstans på plattformar, og frå skip som opererer rundt produksjonen.

Dieseleksos inneheld stoff som elementært karbon (EC) og nitrogendioksid (NO2), som kan føre til alvorlege helseproblem ved langvarig eksponering.

Det er til dømes funne samanhengar mellom eksponering for dieseleksos og førekomst av lungekreft. Dieseleksos kan òg gi andre helseutfordringar som luftvegsplager og hjarte- og karsjukdomar.

Kartlegg omfanget av dieseleksos i næringa

I petroleumsnæringa i Noreg er det grenseverdiar for kva konsentrasjonar av desse stoffa som er lovleg i arbeidslufta.

Ein 8-timars grenseverdi for EC på 0,05 milligram per kubikkmeter vart innført i februar 2023, medan grenseverdien for NO2 er 0,96 milligram per kubikkmeter.

Men det er lite kunnskap om kor mykje dieseleksos dei som arbeider i næringa faktisk kan vere eksponerte for.

– Målet med rapporten er å belyse omfanget av dieseleksoseksponering i petroleumsnæringa, seier Vincent Simensen, som er overingeniør på STAMI og ein av forfattarane av rapporten.

Oppsummering av all kunnskap på feltet

Denne nye rapporten er den andre delen av ein kunnskapsoppsummering. I del 1 av kunnskapsoppsummeringa samla STAMI i samarbeid med Havindustritilsynet (Havtil) inn informasjon om arbeidsvilkår og eksponering for dieseleksos i petroleumsnæringa.

Del 2 held fram med ein systematisk gjennomgang av EC-målingar registrert i det nasjonale registeret for eksponeringsmålingar, EXPO, frå desember 2022 til desember 2023. Her er også parallelle målingar av NO2.

EXPO

Det nasjonale senteret for eksponeringsmålingar (EXPO) er ei gratis nettløysing som verksemder kan bruke for å registrere og lagre sine luftprøver.

Les meir om EXPO her

Dataene er henta frå prøvetakingar hos ti operatørar og ni reiarlag.

Rapporten viser at det vart registrert nesten like mange EC-målingar i 2023 som i heile perioden frå 2014 til november 2022.

– Dette er ei positiv utvikling, men det er framleis flest stasjonære prøver som blir rapportert. Personbårne målingar gir det beste grunnlaget for å vurdere personleg eksponering, og det er eit behov for at delen av slike målingar aukar i framtida, seier Simensen.

Nivå under grenseverdien

Ein samla oversikt over alle EC- og NO2-målingar frå 2014 til desember 2023 viser at medianen for EC-målingane er rundt tre prosent av grenseverdien for ei 12-timars skiftlengd. Medianen for NO2-målingane er rundt fire prosent av grenseverdien.

Dette indikerer ifølge Simensen at nivåa generelt er låge, men det er betydelege variasjonar mellom målingane frå både operatørar og reiarlag.

STAMI anbefaler at verksemder i petroleumsnæringa som ein del av sin risikovurdering dokumenterer eksponeringsnivå ved alle arbeidsoperasjonar der dieseleksoseksponering kan førekome.

– Sterkare søkjelys på personlege eksponeringsmålingar og meir omfattande kartlegging kan bidra til å betre arbeidsmiljøet og redusere helsefarane knytt til dieseleksos, understrekar Simensen.

Les rapporten

Få nyhetsbrev
Lukk