Eksponering for dieseleksos kan være ei utfordring i petroleumsnæringa, både på havet og på land. Kvar dag bruker tilsette i petroleumsnæringa verktøy, utstyr, skip og helikopter med motorar som forbrenner drivstoff.

I samarbeid med Petroleumstilsynet (Ptil) har Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) nyleg gjennomført ei kunnskapsoppsummering om dieseleksponering og helseeffekter.

– Eit betre risikobilde er naudsynt for å betre kunne forstå problematikken i næringa. Då kan næringa få eit breiare kunnskapsgrunnlag for effektive tiltak som kan redusere eksponering for dieseleksos, seier forskar og prosjektleiar på STAMI, Stine Eriksen Hammer.

Dei presenterer kunnskapsoppsummeringa samtidig som ny grenseverdi for eksponering for dieseleksos i petroleumsnæringa på land og til havs, trer i kraft. På bakgrunn av erfaringar frå tilsyn og bekymringsmeldingar, har Ptil over tid hatt stor merksemd retta mot dieseleksos som arbeidsmiljøfaktor.

Og i 2022 gjennomførte Ptil ei kartlegging i bransjen, som også inngår i kunnskapsoppsummeringa.

– Resultata frå prosjektet viser at omfanget av utfordringa er betydeleg, og at det råkar eit breitt spekter av arbeidstakarar, seier Hilde Nilsen i fagområdet arbeidsmiljø i Petroleumstilsynet.

Les rapporten frå studien: Dieseleksoseksponering i petroleumsnæringen

Kvifor kan dieseleksos vere farleg?

Dieseleksos består av en kompleks blanding av gassar og partiklar som blir danna ved forbrenning av diesel.

Dieseleksos er klassifisert som kreftfremkallande av det internasjonale kreftforskingsinstituttet IARC. Det er i tillegg assosiert med auka risiko for å utvikle luftvegslidingar som astma og KOLS, samt enkelte hjarte- og karsjukdomar.

Dei kreftfremkallande eigenskapane i dieseleksos er i all hovudsak partiklane i dieseleksosen. Elementært karbon (EC) er derfor valt som markør for partikkelfasen.

– Det er fyrst i dei seinaste åra med klassifiseringa av dieseleksos som kreftframkallande at ein har fått fokus på denne eksponeringsrisikoen. Nytt no i februar er grenseverdien med bruk av elementært karbon som markør for dieseleksponering. Sjølv om det har vore varsla for ei tid tilbake er det nok fleire næringar i tillegg til petroleumsnæringa, som ikkje tidlegare har brukt denne markøren til å styre eksponeringsrisiko, seier Eriksen Hammer.

Frå 21. februar 2023 gjeld ny grenseverdi for dieseleksos i Norge. Grenseverdien er på 0,05 mg/m3 og har merknadane K (Kjemikalier som ein skal vurdere som kreftfremkallande) og G (EU har fastsett ein bindande grenseverdi og/eller merknad for stoffet).

Innføring av grenseverdien for dieseleksos var eit ledd i implementering av EU-direktivet 2019/130/EU. Noreg er gjennom EØS-avtalen forplikta til å innta denne i vårt regelverk.

21. februar 2023 innfører Noreg ny grenseverdi for dieseleksos på 0,05 mg/m3 (målt som elementært karbon, EC). Partikkelfraksjonen av dieseleksos består av ein varierande del EC, og fastsetting av EC i luft er brukt internasjonalt som ein eksponeringsmarkør for dieselavgassar.

For gruve- og bergverksdrift og tunellarbeid skal grenseverdien gjelde først frå 21. februar 2026.

Her kan du lese om den nye grenseverdien hos Petroleumstilsynet

Her kan du lese om den nye grenseverdien hos Arbeidstilsynet

Kva seier kunnskapen?

Ein gjennomgang av tilgjengeleg internasjonal litteratur og data frå EXPO viste at kunnskapen om eksponering for dieseleksos er mangelfull for arbeidsplassar i petroleumsnæringa. Spesielt var mangelen på personbårne målingar frå arbeidsplassane offshore.

Dagens målemetodar for kartlegging av nivå av dieseleksos, med EC som markør for eksponering, krev at ein må frakte eksponerte prøver til analyselaboratorie og analysere dei før prøvesvaret finst. Tidlegare har ein kartlagt dieseleksoseksponering med “enkle sensorar” som viser når arbeidarane blir eksponert.

I tillegg blir dieseleksoseksponering i stor grad påverka av skiftande meteorologiske tilhøve og kjeldene til dieseleksos på arbeidsplassen.

Treng meir kunnskap

Der et behov for forsking for å auke kunnskapen rundt omfanget av dieseleksoseksponering i petroleumsnæringa. Manglande målingar av elementært karbon gjer at ein ikkje har tilstrekkeleg oversikt over eksponeringsnivå, og i kva situasjonar og under kva vilkår dieseleksos kan utgjere ein eksponeringsrisiko.

Då er også grunnlaget for å etablere hensiktsmessige styringssystem og identifisere risikoreduserande tiltak mangelfullt.

– Fleire målingar må på plass for å auke kunnskapsnivået rundt eksponeringsrisiko, og for å verifisere at ein kan overhalde grenseverdiane, seier STAMI-forskaren.

Det er også, i mindre grad, gjennomført målingar av elementært karbon i petroleumsnæringa. Desse målingane er hovudsakleg stasjonære områdemålinger, mens det stort sett ikkje er personbårne eksponeringsmålingar her.

Med bakgrunn i dette ønsker næringa å kunne bruke direktevisande utstyr for å kartlegge eksponeringa. Næringa har vurdert ein gjennomgang av ulike typar målemetodikk med høve til å bestemme elementært karbon direkte, til bruk i petroleumsnæringa. Men funna antyda at det i dag ikkje eksisterer direktevisande metodar som tilstrekkelige erstattingar for dagens metode.

– Styring av eksponeringsrisiko for dieseleksos med bruk av EC i tillegg til dei tradisjonelle målingane av NOx er viktig i ei tid der NOx-utsleppa frå dieselmotorar minkar som fylgje av betre motor- og reinseteknologi. Som oppsummeringa viser treng vi fleire kartleggingar i petroleumsnæringa, spesielt med fokus på personlege eksponeringsprøver, seier Stine Eriksen Hammer, forskar på arbeidsmiljøkjemi ved STAMI.