Tal frå STAMI viser at 3,5 prosent av norske arbeidstakarar er utsette for mobbing på arbeidsplassen minst éin gong i månaden. Dette er om lag 89 000 personar.
2,4 prosent opplever mobbing frå kollegaer, 1,9 prosent opplever mobbing frå leiar, og nokon opplever mobbing frå både kollegaer og leiar.
Frå forskinga veit vi at mobbing er knytt til lågare tilfredsheit og engasjement i jobben, auka risiko for å utvikle symptom på angst og depresjon, søvnproblem, og høgare risiko for lengre sjukefråvær.
Derfor arbeider STAMI med å skaffe kunnskap som kan bidra til å redusere mobbing på arbeidsplassane.
Veit lite om sjefar som blir mobba
Fleire tidlegare studiar har undersøkt moglege risikogrupper, men det er lite kjent om det å ha ei formell leiarstilling på arbeidsplassen påverkar sjansane for å bli mobba.
Til no har dei fleste studiar om mobbing og leiing teke for seg leiaren som aktør som mobbar andre.
Det finst også fleire studier om rolla til leiinga når det gjeld førekomsten av mobbing, kva som forårsakar mobbing, og kva mobbing frå leiinga kan føre til.
Rett til å utøve kontroll
STAMI-forskar og professor i psykologi, Morten Birkeland Nielsen, har leia ein fersk studie som undersøkte fleire indikatorar på mobbing i to ulike utval av norske arbeidstakarar.
Her har forskarar kartlagt kor vanleg det er for leiarar å bli utsett for mobbing på jobb, og i tillegg kva konsekvensar dette har.
Nielsen meiner det finst argument for at leiarar kan ha både høgare og lågare risiko for å oppleve mobbing.
– Å ha ein leiarposisjon inkluderer ein legitim rett til å utøve kontroll og innverknad. Dermed verkar det rimeleg å forvente at leiarar skal ha redusert risiko for å oppleve ein maktubalanse med ein underordna kollega, sidan autoriteten knytt til leiarposisjonen bør setje leiaren i stand til å svare på og til og med stoppe mobbinga, seier Nielsen.
Står i ein utsett posisjon
På den andre sida, påpeikar han, har leiaren ein utsett posisjon i eit team eller arbeidsgruppe. Leiaren er nemleg ansvarleg for å ta avgjerder, fordele ressursar, og balansere målet til organisasjonen mot krava og forventningane frå sine underordna.
Til dømes kan tilsette som er misnøgde skulde på leiaren for arbeidsforholda sine, og dermed uttrykkje misnøye gjennom aggresjon mot leiaren.
– Vi tenkjer kanskje intuitivt at leiarar blir mindre mobba, men resultata frå studien viser at leiarar faktisk har heilt lik risiko for å oppleve mobbing og reagerer like sterkt som andre tilsette når dei opplever seg utsett for mobbing, forklarer Nielsen.
Analysar av endringar i psykiske plager og jobbtilfredsheit over tid viste at leiarar som blir mobba, opplever ein tilsvarande kraftig auke i psykiske plager, og like sterk reduksjon i tilfredsheit med jobben, som andre som blir mobba på arbeidsplassen.
Tiltak kan førebyggje mobbing
Funna understrekar at det er viktig å anerkjenne og ta tak i mobbing retta mot leiarar.
I tillegg er det lurt å innføre effektive førebyggjande tiltak og støttesystem på arbeidsplassen som også tek omsyn til at leiarar kan bli ramma av mobbing.
Dette kan bidra til å skape eit tryggare og meir produktivt arbeidsmiljø for alle tilsette.