Hjem Nyheter Derfor bør du gripe inn om kollegaen blir[...]

Derfor bør du gripe inn om kollegaen blir mobba

Ein ny studie viser kor viktig det er å gripe inn når ein kollega blir mobba på arbeidsplassen. Å ikkje gjere noko, gir ein tredobbel risiko for å bli neste mobbeoffer.

Mobbing er ei form for psykisk vald definert som ein langvarig, systematisk mishandling på jobben der offeret har vanskar med å forsvare seg. Konsekvensane for dei som er utsett for mobbing på arbeidsplassen, veit vi ein god del om.

Det kan dreie seg om fysiske og psykiske helseplager, sjølvmordsstankar og auka risiko for både sjukefråvær og uføretrygd.

I tillegg tyder nye funn på at mobbing òg har store konsekvensar for tilskodarar sidan det å vere vitne mobbing av andre påverkar arbeidsrelaterte haldningar til vitna, og til og med den mentale helsa til tilskodarane.

→ Les også: Grip inn mot mobbing på jobben − og få det betre sjølv

Veit for lite om konsekvensar for tilskodarane

− I dag veit vi for lite om konsekvensane for tilskodarar som grip inn når dei er vitne til mobbing av andre. For å fylle dette kunnskapsgapet undersøker studien risikoen for at tilskodarar blir det neste målet for mobbing på arbeidsplassen viss dei grip inn eller blir verande inaktive, fortel STAMI-forskar og psykologiprofessor Morten Birkeland Nielsen.

Resultata viste ingen auka risiko for å bli eit nytt mobbeoffer for respondentar som aktivt hadde gripe inn når dei var vitne til mobbing av andre.

Å ikkje gripe inn hadde derimot store konsekvensar. Respondentar som vart verande inaktive når dei observerte mobbing av andre, hadde ein tredobbel risiko for sjølv å bli mobbeoffer seinare.

Bidrar til ein tryggare arbeidsplass

Funna peikar ifølgje Birkeland Nielsen på kor viktig det er å gripe inn når ein er vitne til mobbing, både for offeret og for ein sjølv.  Det kan òg bidra til at organisasjonen blir ein tryggare arbeidsplass.

Han meiner verksemder kan dra stor nytte av å legge til rette for rapportering av mobbing på arbeidsplassen.

− Dersom tilsette har kunnskapen dei treng om retningslinjer og rutinar for rapportering av mobbing, samtidig som dei veit at verksemda vernar dei viss dei vel å rapportere, er det meir sannsynleg at dei vil gripe inn når dei er vitne til mobbing av andre, seier forskaren.

Det kan òg hjelpe å ha eit opplegg for korleis verksemder handtere frykt for at mobberne tar igjen. I tillegg vil det kunne hjelpe å informere om risikoane ved å ikkje gripe inn i mobbesituasjoner.

Mange som opplever mobbing

Ifølgje Faktabok for arbeidsmiljø og helse 2021 rapporterer 3,5 prosent av alle tilsette, om lag 89.000 personar, at dei minst éin gang i månaden blir utsette for mobbing på arbeidsplassen.

2,4 prosent opplever mobbing frå kollegaer, 1,9 prosent opplever mobbing frå leiar, og nokon opplever mobbing frå både kollegaer og leiar. Serviceyrke, byggearbeid og barnehage har høgast prosentdel tilsette som oppgir at dei opplever mobbing på arbeidsplassen.

Les vitenskapelig artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk