
Under krisesituasjonar, som koronapandemien, står helsearbeidarar overfor store yrkesrelaterte risikoar. Dei har høgare risiko for å bli eksponerte for smittsame sjukdommar, høgt arbeidspress, psykososiale belastningar og utilstrekkelege ressursar.
Det har vore lite gode verktøy for å kartlegge desse risikofaktorane i arbeidet.
Derfor har det også vore vanskeleg å oppdage risikofaktorar tidleg, og vite kva tiltak ein bør sette inn for å støtte helsepersonell slik at dei kan halde fram med å jobbe under helsekriser, og etter kriser.
Verktøy som måler risiko
Forskarar ved STAMI har gjennomført ein studie der dei har undersøkt kor nyttig og påliteleg FORCE-indeksen er. Det er eit verktøy som er utvikla av NKVTS (Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress), og som skal måle desse risikofaktorane i arbeidsmiljøet til helsearbeidarar i krisesituasjonar.
FORCE står for Frontline health workers’ Occupational Risk and Characteristics in Emergencies.
Dette verktøyet er utvikla for å kvantitivt evaluere både arbeidsrelaterte risikofaktorar og vernande faktorar, som kan påverke evna helsearbeidarane har til å handtere krisesituasjonar.
Ni viktige faktorar
STAMI-studien byggjer på ei spørjeundersøking med svar frå nesten 2500 helsearbeidarar som delte erfaringane sine frå dei fire første bølgjene av pandemien (frå 2020 til 2022).
Ved å analysere svara fann forskarane ut at ni faktorar var spesielt viktige: kompetanse, stressmeistring, tryggleik i jobben, handterleg arbeidsbelastning, arbeidsprestasjon, smittetryggleik, tilgang på verneutstyr, sosial tryggleik, og støtte frå kollegaar.
Resultata viser at indeksen er eit robust og påliteleg verktøy for å måle både risikoar og motstandsdyktigheit hos helsearbeidarar under nødsituasjonar.
Fangar opp sentrale arbeidsforhold
– Indeksen fangar opp sentrale arbeidsforhold, og representerer eit viktig steg mot ein meir systematisk og vitskapleg tilnærming til temaet, seier STAMI-forskar Dagfinn Matre.
– Resultata kan vere nyttige å bruke for helsestyresmakter og arbeidsgivarar til å betre forstå og forbetre arbeidsforholda for helsepersonell i krevjande situasjonar, legg han til.
Studien konkluderer med at indeksen kan brukast i framtidige kriser for å betre forstå kva faktorar som påverkar helsearbeidarar sin evne til å handtere arbeidsbelastninga.
Studien inngår i eit prosjekt som er ein del av eit større prosjekt organisert av NKVTS.