Kursinformasjon

  • Når:
    10. april 2024
  • Varighet:
    Dagsseminar
  • Sted:
    STAMI, Gydas vei 8, Majorstuen, Oslo
  • Påmeldingsfrist:
    10. april 2024
  • Kursavgift:
    Gratis
  • Maks antall deltakere:
    80
  • Målgruppe:
    Brannkonstablar, brannleiar, verneombod, tillitsvalde, BHT, kommunar og arbeidsgivar

Det er kjent for dei fleste at brannkonstablar jobbar og trenar i tidvis krevjande og utsette arbeidsmiljø.

Brannkonstablar blir utsette for ei rekkje kjemikaliar når dei er på øving eller på oppdrag for å sløkkje ein brann. Men vi veit også at denne eksponeringa er til stades ved andre arbeidsoperasjonar som ikkje involverer ein brann.

Mange ulike eksponeringar

Kva stoff og kjemikaliar som finst i brannrøyken er avgjerande for kva helseeffektar brannkonstablar kan bli utsette for. Kva slags stoff, kor mykje og kor lenge ein blir utsett for dette vil ha noko å seie for kor stor helserisikoen er for å utvikle ulike sjukdommar.

Sot, asbest, benzen, formaldehyd, dieseleksos, polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH), dioksin, bly, arsen og akrylamid, er døme på kreftframkallande stoff som brannkonstablar kan bli eksponerte for.

Kjemikaliane kan finne vegen inn i kroppen via luftvegar eller hud – også sjølv om ein bruker verneutstyr og verneklede på riktig måte.

Kunnskap frå fleire prosjekt

STAMI har saman med Kreftregisteret og SINTEF gjennom fleire store prosjekt prøvd å finne svar på kva det er brannkonstablar blir utsett for, kor mykje og når.

På seminaret vil du lære om resultatet frå desse prosjekta. I tillegg får du ei oversikt over korleis kunnskapen om kreftrisiko har endra seg over tid, og kvifor internasjonale tal for førekomst av kreft kan avvike frå dei norske tala.

Vi vil også løfte fram konkrete førebyggjande tiltak og forslag til korleis de kan organisere arbeidet for å redusere helseskadelege eksponeringar. Til slutt samanfattar arbeidstilsynet sine erfaringar frå og deler kunnskap frå tilsyn.

Seminaret er fullteikna og påmeldinga er stengd. Dersom du ønskjer å stå på venteliste send ein e-post til kurs@stami.no.

Program

  • Kl.

    Kaffi og registrering

  • Kl.

    Velkommen og introduksjon

    v/Karl-Christian Nordby, STAMI

  • Kl.

    Kunnskapsstatus: kreftrisiko hos brannkonstablar

    v/Niki Marjerrison, Universitet i Oslo/ Kreftregisteret

  • Kl.

    Kreftrisiko hos brannkonstablar i Noreg

    v/Niki Marjerrison, Universitet i Oslo/ Kreftregisteret

  • Kl.

    LUNSJ

  • Kl.

    Førebygging av eksponering i brannyrket

    v/Tommy Kristoffersen, Brannmenn Mot Kreft

  • Kl.

    Dagens eksponering for kreftframkallande stoff hos brannkonstablar

    v/Raymond Olsen, STAMI

  • Kl.

    Erfaringar frå tilsyn i norske brannvesen

    v/Kari Mork, Arbeidstilsynet

  • Kl.

    Oppsummering

    v/Karl-Christian Nordby, STAMI