Over 13.000 pasientar har vore innlagde på norske sjukehus med covid-19.

Før pandemien hadde ikkje sjukehusa i Noreg øving i å handtere ein langvarig pandemi, og mangla beredskapslager for smittevernreiskap og legemiddel. Og dette har vore ein stor påkjenning på helsepersonell i område med høg smitte.

Sjukehusa har vore nøydde til å endre viktige delar av drifta på kort tid, med nye krav til tryggleik for pasientar og tilsette, arbeidstid og eit endra arbeidsmiljø.

I følgje Koronakommisjonen er nokre av grunnane til at norske sjukehus klarte å handtere dei mest hektiske periodane høg kompetanse, omstillingsevne, fleksibilitet og at nokre enkeltpersonar gjorde ein større innsats enn det som formelt kunne vere venta av dei.

Større risiko for sjukefråvær og fråfall

STAMI deltar i ein tverrfagleg studie om stress og helseplager hos sjukehuspersonell under covid-19-pandemien. I denne studien har om lag 2.500 helsepersonell delt sine erfaringar frå arbeidet i pandemien.

Her kan du sjå webinar om studien

– Til vanleg er sjukehus ein arbeidsplass der mange opplever arbeidsmiljøutfordringar som høge emosjonelle krav, og høge jobbkrav i kombinasjon med lav jobbkontroll, seier Dagfinn Matre, som er seniorforskar ved STAMI og deltar i fleire delar av denne studien.

Slike utfordringar kan føre til helseproblem som psykiske helseplager og muskel- og skjelettplager, som over tid kan føre til sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

Store påkjenningar

Studien pågår framleis, men resultat frå denne studien gir likevel eit bilete av erfaringane.

Sjukehuspersonell som arbeidde med pasientar med covid-19 rapporterte om store påkjenningar frå arbeidet. Dette kunne vere utilstrekkeleg opplæring og kompetanse, uføreseieleg og ustrukturert arbeidskvardag, problem med smittevernutstyr, overveldande arbeidspåkjenning og mangel på tryggleik.

Personell som var involvert i behandling av pasientar med alvorleg sjuke covid-19-pasientar rapporterte oftare om slike ugunstige arbeidsforhold.

Med resultata frå denne studien kan sjukehusa skape ein meir berekraftig kriserespons, og lettare ta vare på helsepersonell vidare i koronapandemien, og i andre komande kriser.