Det er viktig at unge arbeidstakarar får ein trygg og sunn start på arbeidslivet. På denne måten kan vi skape eit berekraftig arbeidsliv, der flest mogleg kan arbeide produktivt og med god helse i heile det yrkesaktive livet sitt.

Arbeidsmiljøet dei møter vil spele ei viktig rolle for om vi lykkast med å inkludere og halde dei unge i arbeid.

I Noreg utgjer unge arbeidstakarar (17-24 år) 10 prosent av alle yrkesaktive. Det tilsvarer om lag 260.000 personar. Dei nasjonale tala på arbeidsmiljø og helse (NOA/STAMI) viser at unge arbeidstakarar er gjennomgåande meir utsett for ei rekke mekaniske, kjemiske og fysiske arbeidsmiljøeksponeringar, samanlikna med alle sysselsette.

Forsking på unge arbeidstakarar viser òg at yngre arbeidstakarar, og særleg unge menn, gjennomgåande er meir utsett for ulykker og skadar på jobb.

I dette webinaret snakkar Therese N. Hanvold, avdelingsdirektør ved STAMI, om kva arbeidsmiljøutfordringar dei unge møter i dagens arbeidsliv og korleis verksemdet kan  ein trygg start.