Bedriftshelsetenesta (BHT) skal jobbe målretta med førebyggande arbeidsmiljøarbeid og hjelpe til med å skape trygge arbeidsforhold som skaper god arbeidshelse.
Frå og med 1. januar 2023 gjeld eit nytt regelverk for bedriftshelsetenester. Det stiller krav om at alle tilsette gjennomgår obligatorisk opplæring om formålet og rolla til BHT. STAMI har fått i oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet å tilby ein opplæringsmodul som dekker dei nye, obligatoriske læringsmåla.
Norske verksemder har plikt til å knytte til seg ei godkjend bedriftshelseteneste «når risikoforholda i verksemda tilseier det». For å kunne bidra til godt arbeidsmiljø og god arbeidshelse i verksemda, må bedriftshelsetenesta ha oppdatert kunnskap om risikobildet i arbeidslivet og ulike bransjar.
Her kan du bestille e-læringskurset
Samfunnsoppdrag og kjerneoppgåver
Opplæringa til STAMI gir deg god forståing av samfunnsoppdraget til BHT. Du får kunnskap om BHT sine kjerneoppgåver, kva som er hensikta med desse og kvifor akkurat dei er kjernen i arbeidet til BHT.
Som ein del av opplæringa vil du òg få vite kor du kan finne oppdatert kunnskap når du treng det seinare. Du vil i tillegg lære om korleis du kan bruke denne kunnskapen som grunnlag for eit målretta og førebyggande arbeidsmiljøarbeid.
Gjennomføring og tidsbruk
Kurset er eit nettkurs som du kan ta på mobil, nettbrett eller PC. Det tar om lag to timar å gjennomføre.
Etter at du har kjøpt kurset, kan du ta det når det passar deg. Du kan også ta pausar undervegs for å notere viktige element, og du kan repetere innhaldet så mange gonger du vil.
STAMIs Grunnkurs for BHT (frå og med 2019) dekker også dei nye læringsmåla for obligatorisk opplæring av tilsette i bedriftshelsetenester. Dersom du har gjennomført Grunnkurs for BHT i 2019 eller seinare, treng du med andre ord ikkje å ta e-læringskurset.
Læringsmål for opplæringa
Kursdeltakarane skal ha god kunnskap om kva formålet med BHT er.
Ha god kunnskap om at ordninga er eit forebyggande arbeidsmiljøtiltak som skal rettast mot risikoforhold av betydning for arbeidshelse.
Kursdeltakarane skal ha god kunnskap om kva som utløyser plikten til å knyte til seg ein BHT.
Ha god kunnskap om kva som utløyser BHT-plikt «når risikoforholda tilseier det».
Kursdeltakarane skal ha kunnskap om korleis risikobildet varierer mellom bransjar.
Ha kunnskap om korleis arbeidsmiljøet er forskjellig frå arbeidsplass til arbeidsplass, og krev kunnskapsbasert og målretta tilnærming.
Kursdeltakarane skal ha god kunnskap om BHT si rolle for å skape trygge arbeidsforhold og god arbeidshelse.
- Fri og uavhengig stilling i arbeidsmiljøspørsmål
- Bistand for å auke bestillerkompetansen
- Sikre at tiltaka er i tråd med forholda som utløyste BHT-plikten
Ha kjennskap til korleis BHT kan samarbeide med verksemdene.
Kontaktperson, handlingsplan, årsrapport, deltaking i AMU
Kursdeltakarane skal ha god kunnskap om kva som er BHT sine kjerneoppgåver i det kunnskapsbaserte, systematiske og forebyggande arbeidsmiljøarbeidet.
- Ha god kunnskap om kva for tenester BHT skal hjelpe arbeidsgivar med
- Ha god kunnskap om at arbeidsmiljø handlar om planlegginga, organiseringa og gjennomføringa av sjølve arbeidet.
Kursdeltakarane skal ha kjennskap til kor dei kan oppsøke oppdatert kunnskap, og korleis dei kan bruke han som grunnlag i det forebyggande og målretta arbeidsmiljøarbeidet.
- Ha kjennskap til nettsider som: arbeidsmiljøportalen.no, stami.no, noa.stami.no, arbeidstilsynet.no
- Ha kjennskap til tilgjengelege veiledingstenester