I Noreg kan ein knyte eksponeringar gjennom arbeidet til om lag 3 prosent av alle krefttilfelle blant menn, og 0,1 prosent av alle krefttilfelle blant kvinner.
I EU er meir enn 120 000 menneske diagnostiserte med kreft etter eksponering gjennom arbeidet. Og kvart år døyr fleire enn 100 000 personar av arbeidsrelatert kreft.
Roadmap on Carcinogens er eit «Vegkart for førebygging av kreftframkallande stoff i arbeidet». Dette er eit europeisk samarbeidsprosjekt som skal bidra til auke forståing for kreftframkallande stoff på arbeidsplassen, og bidra til førebygging av desse.
I juni har STAMI deltatt på avsluttinga av den andre perioden av samarbeidsprosjektet, Roadmap on Carcinogens 2.0. Og no er dei involverte medlemslanda og organisasjonane einige om å vidareføre innsatsen i ein ny periode, Roadmap on Carcinogens 3.0, fram til 2027.
Dette arbeidet skal STAMI delta i framover.
Eit praktisk retta vegkart
Vegkartet er praktisk lagt opp og retta mot verksemder. Målet er å bidra til å førebyggje arbeidsrelatert kreft, og å gjere dette mogleg å få til på sjølve arbeidsplassen.
I vegkartet får verksemder hjelp til korleis verksemda kan jobbe for å hindre at dei tilsette blir eksponerte for kreftframkallande stoff. Vegkartet formidlar kunnskap om dei mest utbreidde kreftframkallande stoffa, om prinsipp i risikovurdering og risikostyring, og i tillegg om forholdet til lovverket på området, i tillegg til praktiske råd knytt til stoffa.
Desse råda og retningslinjene bruker også Arbeidstilsynet i Noreg, omsett til norsk for dei vanlegaste stoffa i Noreg.
Frå hausten 2024, som ein del av Roadmap 3.0, vil verksemdene også få tilgang til brukarhistorier og endå meir brukartilpassa stoff. Nettopp for å kunne førebyggje framtidig kreft gjennom arbeidet.
– Denne nye fasen av Vegkartet skal formidle god informasjon og verktøy ut til dei som treng det – på fabrikkgolvet. Ei ny nettsdie vil bidra med konkrete svar på spørsmål frå arbeidsgivarar og arbeidstakarar, og dessutan arbeidsmiljø-ekspertar knytt til arbeid med kreftframkallande stoff, seier Stefan Olsson, visegeneraldirektør i Europakommisjonens Generaldirektorat for sysselsetting, sosialpolitikk og inkludering.
→ Her finn du Roadmap on Carcinogens
STAMI har mykje å bidra med
EU-medlemsland, europeiske arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar, europeiske organ for arbeidsmiljø og kjemikaliar, er med i samarbeidet.
No er også STAMI og Irland nye medlemmar.
STAMI-direktør Therese Hanvold ser fram til at STAMI kan bidra med kunnskap og forsking i innsatsen mot arbeidsrelatert kreft.
– Ikkje berre får vi her eit høve til å løfte fram at kunnskapsbasert førebyggjande arbeidsmiljøarbeid er viktig, men det gir oss også eit høve til å bidra med dette i praksis. Eit slikt samarbeid gir oss også høve til å byggje ytterlegare nettverk og utvikle nye forskingssamarbeid slik at kunnskapsutviklinga blir styrkt på dette viktige området, seier ho.
Ho meiner STAMI har mykje å bidra med.
– STAMI har jo allereie eksponeringsdatabasen EXPO på plass, der verksemder gratis kan leggje inn sine eigne eksponeringsmålingar. Dette bidrar til å auke kunnskapen om arbeidsrelatert eksponering, som er eitt av områda som er sentralt i arbeidet med Vegkartet, seier Hanvold.
Med vegkartet mot sikrare arbeidsplassar
STAMI har sett førebygging av arbeidsrelatert kreft høgt på dagsordenen, og deltek også i Cancer Mission Hub Norway.
Her er målet å bidra godt til førebygging av arbeidsrelatert kreft gjennom auka kunnskap, erfarings- og kunnskapsdeling, og eiga forsking.
– Vi er både æra av å bli medlem i Vegkartet, og stolte av å kunne delta i dette viktige arbeidet. Det gir oss eit høve til å løfte det førebyggjande arbeidet og samtidig bidra positivt både til det beste for norske verksemder i praksis, og for vidareutvikling av kunnskapen, seier leiande seniorforskar og gruppeleiar ved STAMI, Shan Narui.