Nanomaterialar er materialar som inneheld nanopartiklar. Nanopartiklar blir definert som partiklar der minst éin dimensjon er i storleiken 1-100 nanometer (nm).

Materialane som blir produserte i industrien er brukte i ei rekke produkt som kosmetikk, maling, klede, sportsutstyr, vaske- og pleiemiddel. Også i ei rekke produkt for behandling av byggematerialar slik som glas og flisar.

Nanomaterialar blir også brukte til biomedisinske og elektroniske formål. Dei blir laga og behandla for å gi produkt bestemte ønska eigenskapar, noko som gir auka etterspurnad og interesse for desse materialane.

På ein annan side har det også skapt ein stor interesse rundt helseeffektane av eksponering for slike nanomaterialar. Produksjonen av nanomaterialar skjer i ulike former, mellom anna som pulver som lett kan bli luftborne. Dette kan vere ein potensiell helserisiko for arbeidarane som er i direkte kontakt med nanopartiklar.

Innanding er hovudopptaksvegen, og eit viktig målorgan i dette tilfellet er lungene.

Målsettinga for Nano-Cancer-prosjektet har i utgangspunktet vore å utvikle testar for bruk i regulatoriske samanhengar. Det blir hovudsakeleg brukt menneskelege lunge- og brysthinneceller i prosjektet, men også noko avgrensa in vivo-forsøk.

Lunge- og brysthinneceller vart eksponert samanhengande opp til 6 månader. Dyr som vart eksponert for fleirvegga nanokarbonrøyr (multi-walled carbon nanotubes) vart undersøkt vidare for utvikling av betennelsesreaksjonar og krefteigenskapar.

Cellene blir brukte til å studere nøyare mekanismar som er involvert i inflammasjon, celledaudsmekanismar og kreftutvikling, som følge av eksponering for nanomaterialar som nanoskalert titan-dioksid (TiO2) og tre ulike typar av fleirvegga nanokarbonrøyr.

Eksterne samarbeidspartnarar:

Prosjektet er ein del av eit EU-prosjekt i regi av EUs 7. rammeprogram der meir enn 60 institusjonar frå europeiske land deltek.

Prosjektet er finansiert av STAMI og EU.