Publisert

SAMARBEID FOR SIKKERHET I BYGG OG ANLEGG (SFS BA)

  • SfS BA er eit samarbeid mellom aktørar der deltakarane deler ein nullvisjon for skadar i byggje‐ og anleggsnæringa og er einige om å samarbeide om ein forsterka innsats for å gjere byggje- og anleggsplassen til ein sikker arbeidsstad.
  • Styresmaktene sine forpliktingar i dette samarbeidet er mellom anna å utarbeide ein årleg rapport over skadar og yrkesrelatert sjukdom i byggje‐ og anleggsnæringa.
  • Årets rapport er den sjuande i rekka.

Undersøkinga viser også at åtte arbeidstakarar i byggje- og anleggsverksemd omkom arbeidsulykker i 2020. I 2019 var dette talet ni, og i 2018 var det fire, som er det lågaste talet som er registrert for næringa i siste tiårsperiode.

Det registrerte talet på arbeidsskadar i byggje- og anleggsverksemd var 2.498 i 2020. Det tilsvarer 9,3 arbeidsskadar per 1000 tilsette, og er det lågaste talet som er registrert sidan 2014.

Den årlege analysen av arbeidsskadar i byggje‐ og anleggsnæringa, er utarbeidd av Arbeidstilsynet og Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Les heile rapporten her

Viser godt HMS-arbeid

– Talet på ikkje-dødelege skadar har gått ned nesten kvart år, og dette har fortsatt i 2020. Sjølv om det nok har vore litt redusert aktivitet i bransjen i 2020, ser vi at den gode trenden held fram, seier STAMI-forskar Hans Magne Gravseth.

Han understrekar at det er underrapportering av ulykker i bransjen, så det er ein usikkerheit knytt til desse tala.

– Vi kan likevel håpe at denne trenden viser at HMS-arbeidet ute på arbeidsplassane bærer frukter, seier Gravseth.

Analysen viser at bransjen har et godt psykososialt arbeidsmiljø, men det er utfordringar med det mekaniske, fysiske og kjemiske arbeidsmiljøet.

Delar av bransjen har også høgare grad av mobbing enn andre bransjar.

– I anleggsbransjen er det auka førekomst av mobbing, meir enn gjennomsnittet for andre bransjar. Dette har vore stabilt over tid, og vi finn ikkje det same i byggjebransjen. Her kan anleggsbransjen med fordel arbeide meir med å hindre dette, seier Gravseth.

God organisering er avgjerande

Rapporten konkluderer med at det er viktig å planlegge og organisere arbeidet godt, for å førebyggje skadar og sjukdom. Her er nokre funn frå rapporten:

Manglar ved organisering:
Ulykkene heng ofte saman med manglar ved risikovurdering, opplæring, leiing av verksemd og operativ leiing. I nokre ulykker mangla det risikovurderingar for den konkrete arbeidsoppgåva. Fleire av ulykkene skjedde då det dukka opp oppgåver som ikkje var planlagde, eller at ein av ulike grunnar ikkje kunne gjennomføre arbeidet som planlagt.

Flest menn blir skadde:
Framleis er det flest menn som blir skadde. I snitt har menn to til tre gongar høgare sannsyn for å bli skada samanlikna med kvinner. Også unge arbeidstakarar er på lista over dei som kan bli utsett for skadar. I 2020 var fall fra høgder den hyppigaste ulykkestypen, med om lag 550 registrerte tilfelle i 2020.

Høge skadetal:
Tal frå levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø i 2019 viser at byggje- og anleggsarbeidarar er blant dei yrkesgruppene som oftast rapporterer om skadar ved sterk støy, innanding av ulike typar støv, røyk og kjemikaliar, og tungt fysisk arbeid samanlikna med gjennomsnittet for alle næringar. Når det gjeld helseplager er smerter i rygg og bein, luftvegsplager, nedsett hørsel og arbeidsskadar høgare enn gjennomsnittet for alle sysselsette.