Når det skjer ei straumulykke er det viktig å raskt få god informasjon om kva som er rett oppfølging. Helsepersonell må vere godt informert om kva dei bør gjere, og ha oversikt over kva slags helseutfall straumskadar kan gi.
Rundt 3000 yrkesaktive blir ramma av straumulykker kvart år. Tidlegare var rådet til legar at dei som var utsette for straumulykker skulle bli vist til akuttmottak eller sjukehus.
Men etter meir forsking på oppfølging av straumskadar, veit vi no at enkle undersøkingar på legevakt eller hos fastlege er godt nok for dei fleste som er utsette for lågspenning.
I 2024 har STAMI bidrege til ein oppdatert arbeidsmedisinsk rettleiing, som er tilgjengeleg i Norsk elektronisk legehandbok.
Sjå rettleiinga om straumskadar herDenne rettleiinga legg til rette for at primærhelsetenesta skal kunne vurdere kva pasientar ein trygt kan behandle ferdig i primærhelsetenesta, og kven ein bør overføre til akuttmottak for utvida overvaking og oppfølging.
Mange treng ikkje behandling
– Dei som har vore utsette for dei minst alvorlege ulykkene vil etter innleiande undersøking og vurdering kunne reise heim, eller bli følgd opp vidare i primærhelsetenesta. Medan dei som er utsette for meir alvorlege ulykker skal overførast til akuttmottak, seier STAMI-forskar Lars Ole Goffeng, som har forska på oppfølging av straumskadar, og bidrege til denne rettleiinga.
Desse problemstillingane har vorte viktigare sidan langt fleire elektrikarar enn tidlegare oppsøkjer helsevesenet etter straumulykker, medan talet på alvorlege ulykker ikkje har auka tilsvarande.
Den arbeidsmedisinske rettleiinga inneheld no utfyllande informasjon om:
- nødvendige undersøkingar for å gjere ei fagleg god vurdering av nivå på nødvendig helseoppfølging
- kriterium for kven ein kan behandle lokalt i primærhelsetenesta, og kven som bør få oppfølging i akutthelsetenesta
App gir bransjen rett informasjon
Elektrobransjen, styresmaktene og STAMI har utvikla appen Strømulykke, for å sørgje for at rett informasjon er tilgjengeleg for alle involverte i ei straumulykke.
Denne appen viser kva ein bør gjere viss det skjer ei straumulykke. Bransjen oppmodar alle som arbeider med straum om å ha denne appen tilgjengeleg på telefonen.
Les meir om Strømulykke-appen herFor verksemdene i elektrobransjen er den oppdaterte informasjonen tilgjengeleg i denne appen.
– Det viktigaste av alt er førebygging, å unngå at ulykkene skjer. Viss ei straumulykke skjer er appen lett tilgjengeleg og gir dei tilsette hjelp på vegen til helsehjelp, viss det viser seg at det er behov for det, seier Eirik Remo, som er fagsjef for HMS i NHO Elektro.
God beredskap
Elektrikarar har årleg tryggingsopplæring der det å jobbe førebyggjande er sentralt, og om kva ein skal gjere ved ei straumulykke. Appen bidreg til ein god beredskap viss ein blir utsett for ei straumulykke.
– Det kan vere ulike meiningar om kva ein skal gjere når ein har vorte utsett for ei straumulykke, og om ein skal oppsøkje lege eller ikkje. Då er informasjonen i appen viktig for å vite kva som er rett å gjere, seier Remo.
Helsepersonell og elektrikarar har god nytte av å laste ned appen, meiner Goffeng.
– Det er viktig å sikre ein best mogleg tilpassa helseoppfølging på rett nivå med éin gong etter ei straumulykke. Og derfor har alle involverte nytte av å gå gjennom både vurderingskriterium og tilrådde undersøkingar som er nødvendig, seier Goffeng.
Lars Ole Goffeng har vore gjest i Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO) sin podkast Industrivernpodden. Du kan høyre episoden her: