I 2021 var det justerte sjukefråværet om lag 5,8 prosent, ein auke på 0,2 prosent frå 2020. I perioden frå 2018 til og med 2021 auka sjukefråværet med 1,6 prosent, og med det har vi ikkje komme nærare målet i IA-avtalen.

Dette viser rapportering frå faggruppa for IA-avtala, som STAMI deltar i.

Det er betydeleg variasjon i sjukefråværet mellom ulike grupper i arbeidslivet, både når det gjeld nivå og utvikling over tid. I tillegg har pandemien og smitteverntiltak påverka sjukefråværet svært ulikt i ulike delar av arbeidslivet.

Nest siste år i IA-avtala

Årets rapport skildrar status for korleis måla er nådd i 2021, det tredje året i inneverande avtaleperiode (2018 til 2022). Det nasjonale målet for denne avtalen er å redusere sjukefråværet med 10 prosent, samanlikna med årsgjennomsnittet for 2018.

Det er òg eit mål å redusere fråfall frå arbeidslivet. Slikt fråfall kan vere langtidssjukmelde som går over på arbeidsavklaringspengar og etter kvart til uføretrygd, eller personar som går over til tidleg pensjon.

Pandemien har forstyrra arbeidet

Pandemien har forseinka og avgrensa faggruppa sine høve til å finne ut kva slags faktorar som har hatt innverknad på endringar over tid i fråfallindikatorane.

Alt i alt viser utviklinga stabilitet i fråfall ved tidleg pensjon. For fråfall etter langtidssjukmelding er bildet todelt, med ein reduksjon målt som del av alle tilsette, og ein auke målt som del av langtidssjukmelde.

Svingingane i indikatorane er overraskande store, og faggruppa gjennomskodar ikkje fullt ut kva dette reelt sett er eit uttrykk for. Ei full forståing av indikatorane krev vidare analysar.

Endringane vi ser frå 2018 til 2021 i tala for sysselsetting og sjukefråvær er påverka av pandemien, som også har avgrensa moglegheitene for verksemdene sin innsats for å nå måla i IA-avtalen.

Rapporterer status for måla

Faggruppa for IA-arbeidet vart etablert i 2010 for å styrke oppfølginga av IA-avtalen.

Faggruppa skal kvart år rapportere på og drøfte status og utvikling i dei nasjonale IA-måla og innsatsområda til avtalen, basert på relevant forsking og statistikk.