Hjem Prosjekter Muskelaktivitet, pauser og nakkesmerter ([...]

Muskelaktivitet, pauser og nakkesmerter (MetaEMG)

Mange som arbeider har ein stor og aukande mengde repetitivt og monotont arbeid i kvardagen sin. Denne typen arbeid aukar risikoen for nakkesmerter, noko som kan resultere i sjukefråver og at produktiviteten blir redusert. Målet i dette prosjektet er å analysere om det er mogleg å komme med tilrådingar for kor mange og kor lange pausar ein treng for å redusere risikoen for nakkesmerter.

Prosjektleder

Prosjektdeltakere

Forskningsområde

Fysisk arbeidsmiljø

Fleire mindre, og derfor noko usikre, studiar av monotont nakkebelastningsarbeid har vist at korte opphald/pausar i muskelaktivitet kan minske risikoen for nakkesmerter. For å få meir pålitelege estimat må ein derfor ha tilgang til eit større datamateriale.

Studiar av desse forholda i Danmark, Noreg og Sverige har inkludert totalt ca. 1200 menneske av begge kjønn, men målingane har aldri vore vurdert samla.

Hovudmålet med denne studien er å slå saman/samle data av nakkemuskelaktivitet og sette aktivitetsmønsteret i samband med risiko for nakkesmerter. Data vil bli henta i form av tekniske målingar (electromyografi) av muskelaktivitet i nakkemusklar under arbeid, informasjon om nakkesmerter og andre variablar, frå sju skandinaviske laboratorium.

Eksterne samarbeidspartnere:

Det Nationale Forskningscenter for Arbejdsmiljø, København, Danmark

Syd-Dansk Universitet, Odense, Danmark

Avdelningen för arbets- och miljömedicin, Lund, Sverige

Karolinska Institutet, Stockholm, Sverige

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Ås, Norge

Norges Teknisk og Naturvitenskaplige Universitet (NTNU), Trondheim, Norge

Økonomiske bidragsytere:

Arbeidsmiljøutvalget, Nordisk Ministerråd

Få nyhetsbrev
Lukk