Prosjektleder

Dette prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med Institutt for energiteknikk (IFE). IFE produserer silisium(Si)-nanopartiklar i ein spesiallaga reaktor. Dei produserte partiklane blir vidare brukte i batteriforsking. Partiklane blir produserte i ein lukka reaktor, men arbeidarar ved laboratoriet samlar opp partiklane manuelt ved å skrape av metallfilter. I fleire trinn i produksjonsprosessen kan nanopartiklar bli frigjorde til lufta, mellom anna ved opning av reaktoren, innsamlinga, reingjering og ved vidare tilverking av partiklane.

Nanopartiklar har alltid eksistert, men har fått auka merksemd dei siste 20 åra, sidan desse blir produserte i større grad enn før. Talet på arbeidarar som jobbar med forsking, produksjon og bruk av nanopartiklar har òg auka. Samtidig som det er aukande grad av forsking og utvikling på korleis nanopartiklane sine unike eigenskapar kan utnyttast i avansert teknologi, aukar òg innsatsen for å forstå korleis nanopartiklar kan påverke helsa til menneske. Historisk sett er eksponering gitt med massekonsentrasjon. Denne tilnærminga fungerer ikkje godt på nanopartiklar sidan dei kan eksistere i høgt tal, men ikkje bidrar nemneverdig til massen. Kva parametrar, som tal eller overflateareal, ein i staden skal ta i bruk for å skildre toksikologiske effektar, blir framleis diskuterte.

Det er framleis mykje som er uvisst når det kjem til eksponering av produserte nanopartiklar og det finst lite eksponeringskarakterisering ved denne typen produksjon. Dette prosjektet fokuserer derfor på å identifisere og karakterisere eksponeringa i laboratoriet der Si-nanopartiklar blir produsert.