Hjem Nyheter Nye funn om samanhengen mellom nakkesmert[...]

Nye funn om samanhengen mellom nakkesmerter og pausar

Forskarar ved STAMI har analysert data om aktivitet i nakkemusklane, for å sjå om det har samanheng med risikoen for nakkesmerter.

Trass fleire tiår med forsking, gir nakkesmerter framleis ei stor økonomisk belastning for enkeltpersonar, verksemder og samfunnet, med kostnader for behandling, tap av produktivitet og tidleg pensjonering.

Statiske og gjentakande arbeidsoppgåver som einsidige rørsler i armar og hender, arbeid med armane heva over skulderhøgd, og arbeid med hovudet bøygd framover, gir belastning på muskulaturen. Det kan føre til både nakkeplager og skulderplager.

− Det finst studiar av forhold i Danmark, Noreg og Sverige, men resultata frå desse har aldri blitt vurderte samla, seier Markus Koch, forskar på STAMI.

Koch og hans kollegaar har gjennomført ein studie som gir ny kunnskap om samanhengen mellom nakkesmerter, og arbeid der nakkemuskulaturen blir brukt mykje.

Ikkje einige om kva som skaper nakkesmerter

I mange år har mogelege mekanismar for utvikling av nakkesmerter blitt forska på, utan å oppnå semje om sannsynlege forklaringsmekanismar.

Mange vil nok vente at eit aktivitetsmønster med få pausar og lange periodar med muskelaktivitet er forbunde med meir nakkesmerter. Tidlegare studiar finn imidlertid stort sett ikkje denne samanhengen.

Nokre studiar har indikert at lange periodar med auka muskelaktivitet kan utgjere ein risiko for nakkesmerter. Men desse resultata er baserte på eit lite tal deltakarar eller enkeltyrke.

− Vår studie hadde som mål å undersøke samanhengen mellom nakkemuskelaktivitet og nakkesmerter, i eit samla datasett frå sju skandinaviske forskingsinstitutt, inkludert eit høgt tal arbeidarar frå ulike yrke, forklarar Koch.

To datasett

Forskarane hadde både tverrsnittsdata og longitudinelle data tilgjengeleg.

Tverrsnittsdata er data som gjenspeglar ein situasjon på eit bestemt tidspunkt. Her gjennomførte forskarane elektromyografiske målingar av øvre nakkemuskel saman med spørjeskjemadata om nakkesmerter.

Ved å plassere elektroder på huda over muskelfibrane kunne forskarane måle kor mykje muskelen blei aktivert. I tillegg målte dei tidsmønster for aktiviteten og muskelkvile.

Forskarane baserte også arbeidet sitt på longitudinelle data der dei har følgt testdeltakarane over lengre tid.

Tilpasse talet på pausar

Tverrsnittsdataa tyder på at tilsette med nakkesmerter unngår lengre periodar med nakkemuskelaktivitet. Dei jobbar altså i kortare periodar.

− Ei mogeleg forklaring på desse funna kan vere at tilsette med høgare smerter jobbar meir variabelt og må ta hyppigare korte pausar, samtidig som dei unngår periodar med konstant eksponering for musklane, seier Koch.

Dei longitudinelle dataa viste det motsette mønsteret, men ikkje så tydeleg som tverrsnittsdataa. Her fann forskarane at tilsette med nakkesmerter blir utsette for høgare samla arbeidsbelastning og lange periodar med muskelaktivitet på lang sikt.

− Det viktigaste vi kan trekke ut av resultata er at fordelinga av arbeidspausar gjennom arbeidsdagen bør vere slik at den samla belastninga er passande, understrekar Koch.

Individuelle faktorar

Resultata viste klare samanhengar mellom høgd og kjønn og nakkesmerter.

Andre individuelle faktorar som alder, vekt, røyking, snusbruk, BMI og yrke viste ingen klar samanheng med smerter.

− Mindre deltakarar og kvinner rangerte høgare på smerteskalaen. Ein person med mindre kroppsstorleik kan måtte løfte armen meir for å utføre arbeidsoppgåva. Det kan gje større belastning på nakkemuskulaturen, seier Koch.

Les artikkelen her

Få nyhetsbrev
Lukk