Meir enn to millionar menneske døyr kvart år av arbeidsrelaterte sjukdomar og skader, medan mange fleire lid av ikkje-døydelege skader eller usunne forhold på jobben, ifølge WHO og FNs Global Compact.

Og arbeidsrelaterte helseproblem kan gi økonomiske tap på 4-5 prosent av BNP for dei fleste land.

Å undersøke yrkeseksponeringar og helserisiko, og kunnskap om helse og arbeid, er grunnlaget for primærførebygging på globalt, nasjonalt og lokalt nivå. Slike undersøkingar er også grunnlaget for retningslinjer, forskrifter og andre intervensjonstiltak med mål om å redusere eller eliminere farer på jobb og å betre helsa i den yrkesaktive befolkinga.

Derfor er det viktig å vere oppdatert på nødvendige statistiske metodar for forsking på feltet. Og den nordiske institusjonen NIVA arrangerer kurs om dette i Oslo, 29. november til 1. desember.

Les meir om kurset og om påmelding her

Kartlegge og redusere eksponeringar

– Yrkeseksponering og målingar av helseeffekt er viktige både for å kartlegge moglege helserisikoar, og for å kunne redusere eksponeringar gjennom identifisering og testing av effektive kontrolltiltak. Å undersøke yrkeseksponering speler ei avgjerande rolle i epidemiologiske studier og styrker vår forståing av helsefarer og risikoar, seier Anne Straumfors, leiande seniorforskar ved STAMI, som er leiar for dette kurset.

Det er også viktig for arbeidet med å karakterisere førekomst av eksponeringar og nivå i arbeidsmiljøet, og å estimere sjukdomsbyrden som kan skuldast arbeid på tvers av tidsperiodar, geografi og arbeidarpopulasjonar.

For å vere nyttig for risikovurderingar, må målestrategiane for både eksponering og helseeffektar vere riktig utforma for målet med vurderinga.

Bør eksponeringsdata spegle det verste scenarioet, eller fordelinga av eksponeringskonsentrasjonar over tid? Skal data på helseutfall gi informasjon om akutte effektar, kroniske eller langtidseffektar gjennom eit skift eller over år? Er det nokre årsak-verknad-samanhengar?

Det er mange måtar å samle inn data og undersøke eksponeringsnivå og helseutfall på. For å ta ei informert avgjerd om kva metode ein skal bruke, må ein kjenne til fordelane og ulempene ved kvar metode.

Kunnskap om riktig metode

Kor vidt resultatet vil vere representativt for populasjonen ein undersøker, eller stemme med spørsmålet som ein stiller, vil vere avhengig av metoden for datainnsamling og dei statistiske analysane av dataa. Derfor er kunnskap om dei riktige statistiske metodane svært viktig.

Forsking på arbeidshelse krev god kunnskap om dei statistiske verktøya som er nødvendige for å ta riktige avgjerder. Både når ein planlegg studiar, undersøker eksponering og helseutfall, tildeling av eksponeringsestimat for epidemiologisk bruk, og ved analyse av eksponering-respons-samanhengar.

Dette kurset handlar om relevante statistiske tilnærmingar og vurderingar knytt til dette.

Meir informasjon om kurset og påmelding finn du her