Psykiske plager og sjukdom er blant dei viktigaste årsakene til sjukefråvær og uføre i Noreg i dag.

I 2019 rapporterte 22 prosent av norske arbeidstakarar (om lag 300.000 personar) at dei hadde vore plaga av nervøsitet, angst, rastløyse, nedstemtheit eller depresjon i løpet av siste månad. 9 prosent av desse oppgav symptom på store psykiske plager.

– Dette er høge tal, men den gode nyheita er at vi også veit mykje om kva som skal til for å førebyggje slike helseplager. Og det er ikkje tvil om at arbeidsplassen er ein viktig arena for førebygging, seier STAMI-direktør Therese N. Hanvold.

Her kan du høyre meir om sjukefråvær:

Stort førebyggingspotensial

Hanvold peikar på at psykiske plager er eit samansett fenomen, som blir påverka av både strukturelle og individuelle forhold. Dei individuelle forholda er det vanskeleg for partane i arbeidslivet å gjere noko med.

– Men studiar som STAMI har gjennomført, anslår at 20 prosent av dei psykiske plagene i den norske yrkesbefolkninga kan tilskrivast spesifikke organisatoriske og psykososiale faktorar i arbeidsmiljøet. Her er det med andre ord eit stort førebyggingspotensial, seier ho.

Dette potensialet kan ein realisere gjennom kunnskapsbasert, førebyggjande innsats for å styrke arbeidsmiljøet, slik at arbeidet blir organisert, planlagt og gjennomført på best mogleg måte.

Les meir: Kva er psykososialt arbeidsmiljø?

Faktorar som vernar

Å jobbe systematisk med å skape eit godt arbeidsmiljø betyr ikkje berre å jobbe for å redusere risikofaktorar, men også å fremje dei positive eller vernande faktorane.

– Dette er faktorar i arbeidsmiljøet som vi veit bidrar til å betre den psykiske helsa, samtidig som dei dempar eller reduserer helsekonsekvensar av belastningane på jobb, seier ho.

STAMI-direktøren trekker fram seks vernande faktorar på arbeidsplassen av betydning for den psykiske helsa, og har følgjande råd for å skape eit godt arbeidsmiljø:

  • Dyrk fram ein kultur for sosial støtte og legg til rette for rettferdig, støttande og myndiggjerande leiing
  • Still krav i arbeidet og balanser dette med å gi rom til eigenkontroll og autonomi
  • Sørg for ein god balanse mellom arbeid og privatliv
  • Det er viktig å legge til rette for føreseielege vilkår ved å gi tilsette god informasjon og rom til å påverke i endringsprosessar
  • Bygg ein organisasjonskultur og eit sosialt klima som bidrar til tillit, tryggleik og som vektlegg dei menneskelege ressursane
  • Sørg for å skape balanse mellom innsats og påskjønning ved å gi positive utfordringar, anerkjenning og tilbakemeldingar på arbeidet som blir utført

– Eit arbeidsmiljø som er kjenneteikna av desse faktorane, vil vere ei kjelde til god psykisk helse for den enkelte, sikre verdiskaping for verksemdene og bidra til eit arbeidsliv med plass til fleire, avsluttar ho.

Arbeidsmiljøverktøyet En bra dag på jobb skal hjelpe arbeidsplassar med å skape eit betre arbeidsmiljø.

Finn En bra dag på jobb for din bransje her

Kjende risikofaktorar

Det er gjennom forskinga at vi veit kva forhold i arbeidsmiljøet som kan påverke den psykiske helsa til yrkesaktive i Noreg.

Fleire studiar viser at rollekonfliktar, jobbuvisse, høge emosjonelle krav, opplevd mobbing, uønskt seksuell merksemd og ubehagelege konfliktar aukar risikoen for å utvikle eller forverre psykiske plager.

– Dette gir ein indikasjon på at ein kan førebyggje ein vesentleg del av dei psykiske plagene i yrkesbefolkninga dersom vi lykkast med å redusere eller fjerne slike eksponeringar frå norske arbeidsplassar, seier STAMI-direktøren.

Ho viser til ein studie frå STAMI i 2021 der ein fann at opplevd mobbing, uønskt seksuell merksemd og ubehagelege konfliktar auka risikoen for psykiske plager. Om lag eitt av ti tilfelle av psykiske plager kunne tilskrivast minst ein av desse faktorane.

– Frå andre studiar ser vi at ein kan redusere den delen av yrkesbefolkninga som har psykiske plager med 6 prosent ved å eliminere eller minske førekomsten av rollekonfliktar, seier ho.