MI (Methylisothiazolinon) er eit vassløyseleg konserveringsmiddel som hindrar framvekst av mikroorganismar, som bakteriar og muggsopp. Middelet blir ofte brukt i kosmetikk, hushaldsprodukt og andre industrielle produkt inkludert måling, lim og vaskemiddel. Dessverre har MI også vist seg å ha sterkt allergiframkallande eigenskapar.

Mangla oppdaterte tal

I perioden etter at ein starta å tilsetje MI i kosmetiske produkt, har talet på personar med kontaktallergi mot MI auka kraftig i land over heile verda.

Likevel oppdaga overlege og STAMI-forskar Jose H. Alfonso og kollegaene hans at det mangla aktuelle og oppdatert data frå Noreg. Dei siste tilgjengelege tala stammar frå perioden 2006 til 2008, og fortel om ein førekomst av MI-kontaktallergi på 2 %.

− Vi bestemde oss derfor for å gjere ein oppfølgingsstudie, for å få oppdaterte tal på kor mange som lid av MI-relatert kontaktallergi i dag, fortel Alfonso.

MI (Methylisothiazolinon) kan føre til allergisk kontakteksem med typiske betennelsesymptom som raude, kløe, ei brennande eller stikkande kjensle i huda, hevelsar, blemmer, skorper og flassande hud.  Ein kan også få meir alvorlege reaksjonar, som utslett over heile kroppen.

I tråd med ei endring i EU-regelverket for kosmetikk i 2016, er MI no forbode i kosmetiske produkt som blir verande på huda. I kosmetiske produkt som skal skyljast av, slik som sjampo og såpar, er det framleis lov å tilsetje MI.

3,5 ganger fleire

MI blir brukt åleine eller saman med det liknande stoffet MCI (metylkloroisotiazolinon). For å berekne førekomsten og det kliniske resultatet til MI/MCI, undersøkte Alfonso og kollegaene hans 773 pasientar med lappetest ved hudavdelinga på Oslo Universitetssjukehus, Rikshospitalet.

− Resultatet var at 7,1 % av pasientane fekk påvist kontaktallergi mot MI/MCI. Det er meir enn 3,5 gonger så mykje som for 13 år sidan, seier forskaren.

82 % av dei som testa positivt, var kvinner, og dei fleste deltakarane var eldre enn 40 år. Halvparten av dei positive tilfella hadde ei historie med atopisk eksem.

Les også: Slik tar du vare på hendene på jobb – Tips fra STAMI

Naudsynt med førebyggjande innsats

− Opptil ein tredel av tilfella var knytt til yrkeseksponering, hovudsakleg i form av handeksem. Dei vanlegaste eksponeringane var kjemikaliar og kjølevæsker, frisør- og reingjeringsprodukt. Utsette yrkesgrupper er mekanikarar, målarar, frisørar, reinhaldsarbeidarar og helsepersonell, samanfattar Alfonso.

Han understrekar at resultatet kan vere noko lågare enn den verkelege førekomsten på landsbasis. Undersøkinga blei gjennomført på Noregs største hudavdeling, med ansvar for ei befolkning på 3,1 millionar menneske, der berre dei alvorlegaste tilfella av kronisk eksem kjem for vurdering

− Sidan ein tredel av tilfella var knytt til yrkesmessig eksponering, er det eit signal om at det trengst målretta, førebyggjande innsats for å redusere eksponeringa for MI/MCI hos utsette yrkesgrupper,  konkluderer Alfonso.