I Noreg har vi rundt 2.7 millionar yrkesaktive. Delen av befolkninga i arbeidsstyrken er blant dei høgaste i OECD-området, og har dei siste 20 åra auka frå i overkant av 60 prosent til over 70 prosent.

Norske yrkesaktive trivst og er motiverte på jobb. Til samanlikning med EU, oppgir 9 av 10 å vere fornøgde eller svært fornøgde i arbeidet sitt.

Aukande mangfald

Det norske arbeidslivet er eit meir mangfaldig arbeidsliv i dag enn kva det var tidlegare. Arbeidslivet er komplekst, og utfordringane i ulike delar av yrkesbefolkninga er samansett. Det vil det òg vere for LHBT-befolkninga.

Det finst i dag lite nasjonal fakta og kunnskap på arbeidsmiljøet til LHBT-befolkninga i Noreg, sjølv om det kjem stadig meir data og fakta omkring det mangfaldige arbeidslivet – òg i arbeidsmiljøsamanheng.

– Vi veit frå forskinga at faktorar som høg tillit, rettferdig leiing, tryggleik, autonomi og støttande leiarskap, er viktige for arbeidsmiljøet og støttande leiarskap. Eit arbeidsliv som tillèt mangfald og tar vare på alle, bygger òg på dette. Alle vil tene på eit arbeidsliv der vi kan vere oss sjølve fullt ut, og at vi opplever psykologisk tryggleik, seier STAMI-direktør Pål Molander.

Eit godt arbeidsmiljø

Arbeid er identitetsskapande og ei kjelde til glede, god sjølvkjensle og tilhørighet. På arbeidsplassar med høg grad av tillit, rettferd og samarbeidsevne i organisasjonen, og på arbeidsplassar med god leiarstøtte, rettferdig leiing og positive utfordringar i jobben, ser ein at slike kan fungere som vernande faktorar – mot uhelse.

Tillit og autonomi i har ført til at norsk arbeidsliv har hatt høg verdiskaping, god kvalitet på velferdstenestene og høg kompetanse.

Medbestemmelse og autonomi på jobb er eit stort konkurransefortrinn for oss i ei stadig meir globaliserte verda der konkurransen aukar. Det gir godt arbeidsmiljø og jobbtilhørighet og bidrar til at vi står på litt ekstra på jobben.