Hjem Nyheter Posttraumatisk stressliding (PTSD) og arb[...]

Posttraumatisk stressliding (PTSD) og arbeidslivet

Diagnosen posttraumatisk stressliding (PTSD) har ei alvorleg hending som nødvendig diagnostisk kriterium. Ei potensielt traumatiserande hending kan definerast som ei oppleving som trugar livet til ein sjølv eller ein nærståande person, og som framkallar intens frykt, redsel eller hjelpeløyse.

I den generelle folkesetnaden vil 1–12 prosent kvalifisere for ein PTSD-diagnose i løpet av livet, og førekomsten i løpet av livsløpet ligg jamt over høgare for kvinner enn for menn. Bere eit fåtal av dei som blir utsette for potensielt traumatiske hendingar, utviklar PTSD. I fredstid går ein ut frå at 1–3 prosent av folkesetnaden til ei kvar tid lid av PTSD.

Dei fleste som har blitt eksponerte for ei alvorleg stressbelasting, utviklar ikkje PTSD. Mellom 62 og 92 prosent av dei som får diagnosen PTSD, har også andre psykiske tilstandar på det tidspunktet då diagnosen vert stilt.

Alvorlege stressbelastingar
Personar som har blitt utsette for alvorlege stressbelastingar, kan mellombels eller over tid vere plaga med oppattleving av traumet. Dei kan unngå ting som minner om traumet, og ha ei stor grad av fysiologisk beredskap.

Studiar som har blitt gjennomførte etter særs alvorlege hendingar, viser at nesten alle får posttraumatiske stressymptom kort tid etter den aktuelle hendinga. Dei fleste som har vore utsette for ei alvorleg stressbelasting, vil likevel kome seg att i løpet av dagar, veker eller månader. Det å utvikle posttraumatiske stressymptom etter ei alvorleg stressbelasting er ein normal reaksjon på ei unormal hending. Nokre av dei som opplever ei alvorleg stressbelasting, kan kome styrka ut av det med ein større grad av mogenskap, kompetanse, stresstoleranse og aksept.

Risikofaktorar for å utvikle PTSD
Den viktigaste risikofaktoren er alvoret av stressbelastinga. Andre faktorar som kan påverke utviklinga av PTSD, er kvinneleg kjønn, tidlegare traume, psykisk liding (også hos nær familie), lågt evne- og utdanningsnivå og hendingar i etterkant av traumet.
Desse faktorane har vist seg å spele ei rolle, men har kvar for seg låg prediktiv verdi når det gjeld utvikling av PTSD.

Kva yrkesgrupper kan vere utsette?
I denne rapporten har vi sett nærare på yrkesgrupper som gjennom arbeidet sitt har auka risiko for å oppleve traumatiske hendingar. Dette kan vere innsatsyrke som politi, brannvesen og ambulanseteneste, og innanfor dykking eller helsevesenet. I studiar der ein følgde arbeidstakarar over tid etter ei alvorleg stressbelasting, såg ein at dei posttraumatiske stressymptoma i regelen vart svakare med tida.

Førebygging av PTSD
Ein viktig faktor som kan beskytte mot PTSD-utvikling etter traumet, er sosial støtte. Å førebyggje PTSD vert gjerne gjort gjennom tidleg intervensjon, og oppsummerast som dei 4 P-ane: Ikkje patologiser (ikkje sjukeliggjer reaksjonen), ikkje psykologiser, unngå pillar og ikkje tving på profesjonell hjelp. Studiar viser at psykologisk debriefing har inga eller, i verste fall, negativ effekt. Internasjonalt tilrår ein å finne ut av kven som treng behandling, i staden for å bruke psykologisk debriefing.

Menneske som opplever høg grad av posttraumatiske stressymptom éin til tre månader etter den utløysande hendinga, kan ha behov for profesjonell hjelp. Her er det vist at kognitiv terapi har ein positiv effekt. Medikamentell behandling med ein type antidepressiva har også ein god dokumentert effekt når tilstanden varer ved.

Førebygging gjennom godt arbeidsmiljø
Eit godt organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø og oppfølging i etterkant av ei alvorleg hending kan fungere som ein beskyttande faktor mot utvikling av PTSD. Arbeidstakarar frå yrkesgrupper som ikkje har spesiell trening på å handsame potensielt traumatiserande hendingar, ser ut til å vere meir utsette for PTSD enn trena personell.

I tillegg vil personar som har hatt psykiske problem i forkant av ulukka, og som har svak sosial støtte, vere særleg utsette for å utvikle PTSD. Dermed er det viktig å utvikle eit velfungerande arbeidsmiljø og ein organisasjon som følgjer opp dei tilsette, fremjar sosial støtte frå kollegaar og leiarar, og arbeider systematisk med trening av tilsette.

STAMI-rapport

Få nyhetsbrev
Lukk