Snart blir det fleire pensjonistar i Noreg enn vi har råd til å betale for gjennom inntekstsskatten til dei som arbeider.

Kanskje betyr det at fleire av oss framover bør arbeide lenger før vi blir pensjonistar. Er det mogleg? Korleis skal vi då klare å gjere arbeidslivet meir inkluderande for dei eldste?

Du kan abonnere på Arbeidsmiljørådet i din podkast-app. Du kan også spele av podkasten i ruta over her, eller hos Spotify, Google, Apple og Anchor.

Tilpasse krav til arbeidet

Kva skjer dersom mange fell frå arbeidslivet tidleg dei neste tiåra? Jo, då vil vi få problem med å betale for velferdsstaten. Fleire får velferdstenestar, medan færre arbeider og betaler for tenestane.

– Derfor treng vi så mange som mogleg i arbeid her i landet, og då må arbeidslivet inkludere dei som av ulike grunnar ikkje er i jobb i dag, seier STAMI-direktør, Pål Molander.

Han meiner at godt arbeidsmiljø er nøkkelen til å få til dette.

– For eksempel vil det kunne hjelpe at dei eldre er med å tilpasse krava til arbeidet, seier Molander.

Først og fremst lønsamt

Kari Østerud, leiar i Senter for seniorpolitikk, meiner mellom anna at mange eldre arbeidstakarar leverer gode arbeidsprestasjonar for arbeidsplassen.

– Det er stor kompetansemangel i mange bedrifter, men samtidig er det mange som gløymer at seniorar har ressursar og kompetanse som bedrifta treng. Her kan ein sette inn støtet med å utvikle dei ein har frå før. Og det er forst og fremst lønsamt, seier Østerud.