Førekomsten av psykiske plager og arbeidsrelaterte psykiske plager har auka over tid. Og det er ein særleg auke blant yngre sysselsette.
39 prosent av sysselsette oppgir at dei har vore plaga av nervøsitet, angst, rastløyse, depresjon eller vore nedtrykt i løpet av den siste månaden.
Og 19 prosent av sysselsette oppgir at dei har psykiske plager på grunn av arbeidet.
Det viser tal frå STAMIs Faktabok om arbeidsmiljø og -helse 2024.
Her er STAMIs Faktabok om arbeidsmiljø og -helse 2024Emosjonelt arbeid
Helse- og omsorg, undervisning, og overnatting og servering er næringar der mange oppgir at arbeidet er årsak til psykiske plager.
Dette er store næringsgrupper, og denne delen av arbeidslivet har vakse mykje dei siste tiåra. Desse næringane vil også halde fram med å vekse i tida som kjem.
Helse- og omsorgsarbeid, undervisning, og overnatting og servering er næringar der arbeidet har ein sterk emosjonell og relasjonell dimensjon. Ein viktig del av dette arbeidet er å vere i direkte kontakt med klientar, pasientar, elevar, brukarar, kundar, og liknande
Her jobbar dei tilsette med menneske, og det kan vere meiningsfullt og positivt. Men forsking viser også at det å arbeide med menneske på denne måten kan vere mentalt utfordrande.
– Det å undertrykke eller måtte justere eigne kjensler i møte med andre menneske sine problem, sorg og frustrasjon, er emosjonelt krevjande. Og vi ser frå forskinga at slike utfordringar er knytte til utmatting, psykiske lidingar, og sjukefråvær, seier Therese Hanvold, som er direktør på STAMI.
Les meir: Kva er psykososialt arbeidsmiljø?
Kvinnedominerte yrke og næringar
I faktaboka ser vi også at dei negative, sosiale handlingane på arbeidsplassane er viktige. Det kan vere mobbing, vald, hets, truslar og uønskt seksuell merksemd.
Og her er det spesielt dei kvinnedominerte næringane og yrka der dette er utbreidd.
Vi ser frå faktaboka at
- seks av ti som rapporterer om truslar er kvinner
- sju av ti som rapporterer om vald på arbeidsplassen er kvinner
- åtte av ti som rapporterer uønskt seksuell merksemd på jobb er kvinner
Dei aller fleste tilfella av truslar, vald, trakassering, kjem frå personar som ikkje er tilsette på arbeidsplassen. Dei kjem frå kundane, klientane, elevane, pasientane, brukarane, som er dei ein faktisk prøver å hjelpe.
– Desse utfordringane gir tilsette innan helse og omsorg ein mykje høgare risiko for psykiske plager enn i mange andre næringar i arbeidslivet. Og desse utfordringane er spesielt utbreidde i kvinnedominerte yrke og næringar, seier Hanvold.
Det er mogleg å førebygge
Psykiske plager er eit samansett fenomen, som blir påverka av mange forhold. Dei individuelle forholda er det vanskeleg for arbeidsplassen å gjere noko med. Men faktorar i arbeidsmiljøet kan stå for ein betydeleg del av psykiske plager, viser forsking.
Og dette er det mogleg å førebygge på arbeidsplassen, ved å skape eit godt arbeidsmiljø.
Her er seks råd for å skape eit godt arbeidsmiljø
Dette er faktorar i arbeidsmiljøet som vi veit bidrar til å betre den psykiske helsa, samtidig som dei dempar eller reduserer helsekonsekvensar av belastningane på jobb:
- Dyrk fram ein kultur for sosial støtte og legg til rette for rettferdig, støttande og myndiggjerande leiing
- Still krav i arbeidet og balanser dette med å gi rom til eigenkontroll og autonomi
- Sørg for ein god balanse mellom arbeid og privatliv
- Det er viktig å legge til rette for føreseielege vilkår ved å gi tilsette god informasjon og rom til å påverke i endringsprosessar
- Bygg ein organisasjonskultur og eit sosialt klima som bidrar til tillit, tryggleik og som framhevar dei menneskelege ressursane
- Sørg for å skape balanse mellom innsats og påskjønning, ved å gi positive utfordringar, anerkjenning og tilbakemeldingar på arbeidet folk gjer
Det er ikkje sikkert at alle desse punkta er relevante for alle arbeidsplassar.
Men på generelt grunnlag veit vi at dersom ein klarer å framheve dei faktorane i arbeidet som vi veit bidreg til å betre den psykiske helsa, kan ein lykkast med å førebygge psykiske plager.