Mange tenker ofte på korleis ein kan organisere arbeidet betre, men manglar eit rom for å diskutere dette. Arbeidsmiljøverktøyet ‘En bra dag på jobb’ bidrar til å senke terskelen for å snakke om utfordringane i arbeidsmiljøet.
→ Her finn du En bra dag på jobb
I dette webinaret har vi besøk av hovudverneombod i politiet, Audun Buseth, for å høyre meir om korleis leiarar og tilsette i politiet opplever og handterer utfordringar i sitt arbeidsmiljø.
Nokre av desse utfordringane er rollekonflikt, omorganisering, høge emosjonelle krav, ugunstig arbeidstid, og vald og truslar.
Eit dårleg arbeidsmiljø går utover trivselen, helsa og kvaliteten på arbeidet. Derfor har alle interesse av å handtere og førebygge arbeidsmiljøutfordringar.