For mange er det viktig å ha høve til å bruke og utvikle eigne evner og kompetanse, for å kjenne meining og motivasjon i jobben. I industrien oppgir 18 prosent at dei opplever låge utviklingsmoglegheiter.

Det handlar om få moglegheiter til fagleg utvikling og få høve til å bruke evner og kunnskap ein har fått gjennom utdanning og jobb.

– At det er mogleg å utvikle seg fagleg trur eg er ein viktig grunn til at folk blir her så lenge, seier Kristine Kopperud, som er HR-rådgivar i Jotun.

Å oppleve at ein ikkje har sjanser til å utvikle seg kan føre til at tilsette opplever å ha lite å seie i jobbkvardagen og låg jobbkontroll. På sikt kan dette føre til dårlegare trivsel, auka risiko for fysiske og psykiske helseplager, sjukefråvær og uførhet.

Arbeidstid kan påverke helsa

For å sikre produksjonen er ein avhengig av at tilsette i industrien jobbar turnus. Turnus og nattarbeid kan bidra til forstyrringar i søvnmønster og søvnforstyrringar, noko som kan bidra til å utvikle helseplager og sjukdom.

Det kan òg bidra til auka risiko for ulykker.

For å redusere plagene og risiko for ulykker ved turnusarbeid, er det viktig at arbeidsplassen i fellesskap utviklar ei turnusordning som passer individuelle omsyn så langt det lèt seg gjere.

Ein kan førebygge mykje

41 prosent av tilsette i industrien som har fåvær oppgir at fråværet kan kome av helseproblem heilt eller delvis forårsaka av jobben. Heile 55 prosent av dei med psykiske plager oppgir at dette kan skuldast jobben.

Totalt taper industrien 1.290.000 dagsverk i året på grunn av sjukefråvær.

Mykje av sjukefråværet relatert til arbeidet kan ein førebygge gjennom å jobbe kunnskapsbasert, systematisk og i fellesskap om eit betre arbeidsmiljø.

– Å jobbe i eit godt miljø gjer jo at ein lærer fortare og betre, og det bidrar til at ein blir nysgjerrig og fagleg interessert, seier Simen S. Krogh, prosessoperatør i Glava.

Industrien kan bruke ‘En bra dag på jobb’

I tillegg til låge moglegheiter for fagleg utvikling og arbeidstid, er det arbeidsmiljøfaktorar som støy, omstilling og endring, og støv og kjemikalier som er dei viktigaste utfordringane i industrien.

Det forskingsbaserte verktøyet ‘En bra dag på jobb’ er utvikla for at det skal vere enkelt å ta tak i utfordringar i arbeidsmiljøet.

Sjå ‘En bra dag på jobb’ for industrien her

Verktøyet er basert på filmar om utvalde utfordringar i bransjen som legg til rette for at tilsette kan diskutere utfordringane på sin eigen arbeidsplass.

I fellesskap skal dei kome fram til ein konkret handlingsplan som vil hjelpe dei til å få eit betre arbeidsmiljø som bidrar til lågare arbeidsrelatert sjukefråvær og fråfall.