Sjå forelesing: STAMI-forskar Thomas Clemm har forska på vibrasjonar i arbeidet, og fortel om samanhengar mellom handhaldt boring og nedsett sensibilitet i fingrane.
Nesten 10 prosent av sysselsette i Noreg er utsett for vibrasjonar i arbeidet. Og det er i næringane bilverkstad, landbruk, bygg- og anleggsverksemd, at dette er mest utbreidd.
Å arbeide med vibrasjonar kan over tid auke risikoen for kroniske skadar i hender, armar og korsryggen.
Når ein bruker handhaldne verktøy, som ei motorsag eller slagverkstøy, vil vibrasjonane i verktøyet forplante seg til fingrane, hendene og armane til operatøren.
Sliter med å knyte skolisser
Dette aukar risikoen for kroniske skadar på nervar, blodårer, musklar og ledd, og er kjent som hand-arm vibrasjonssyndrom (HAVS). Symptom på HAVS kan vere kuldeintoleranse, nummenhet, smerte, tap av muskelkraft, blodfattige kvite fingrar, og skjelvingar.
– Mange arbeidstakarar opplever å få redusert funksjon i hendene. Kvardagslege aktivitetar som å knyte skolisser og kneppe knappar kan bli vanskeleg. Nokon må derfor omskulere seg, fordi dei ikkje lenger kan utføre arbeidet dei før har gjort, seier STAMI-forskar Thomas Clemm.
Vibrasjonar kan også forplante seg til heile kroppen, viss ein sit eller står på eit underlag som vibrerer, til dømes i eit større køyretøy. Heilkroppsvibrasjonar er i fleire studiar knytt til ein auka risiko for ryggplager og korsryggsmerter.
Kan vere vanskeleg å måle
Clemm har forska på vibrasjonar som oppstår når ein borar i fjell med handhaldne verktøy.
I prosjektet har han undersøkt kva metodar som best kan måle vibrasjon i ulike arbeidssituasjonar. Dette er vanskeleg fordi det er store avvik i måleresultata.
– Dette er det viktig for yrkeshygienikarar å vite når ein skal vurdere risiko ute i verksemder, seier Clemm.
Han har også undersøkt korleis ein kan utvikle verktøy som kan dempe vibrasjon.
– I nokre tilfelle kan ein redusere vibrasjonar med meir enn 75 prosent av opphavleg vibrasjonsnivå. Det vil bidra til lågare risiko for hand-arm-vibrasjonssyndrom hos arbeidstakarane, seier Clemm.
Les også: Kan redusere vibrasjon frå verktøy med 75 prosent
Kurs om vibrasjonar
11. og 12. mars arrangerer STAMI kurs i kartlegging og måling av mekaniske vibrasjonar.
På kurset vil deltakarane få både teoretisk og praktisk kunnskap om korleis ein kan kartleggje og måle vibrasjonar i arbeidsmiljøet, for å førebyggje vibrasjonsrelaterte helseplager.
Kurset er tilpassa til yrkeshygienikarar, verneingeniørar, fysioterapeutar og andre relevante yrkesgrupper som allereie jobbar med mekaniske vibrasjonar. Det er ein fordel å ha noko forkunnskap og erfaring frå arbeid med vibrasjonar for å få godt utbytte av kurset.