Hjem Nyheter Arbeid med tunnelboremaskiner gir risiko [...]

Arbeid med tunnelboremaskiner gir risiko for kvartseksponering

Under bygginga av Follobana har forskarar på Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) studert kva tunneldrivarar blir utsett for under arbeid med tunnelboremaskiner. Resultata viser at eksponering for kvarts og støv fanst for alle som jobba på maskinene.

Den nye Follobana er Noregs hittil største samferdselsprosjekt og inkluderer Nordens lengste jernbanetunnel, Blixtunnelen, som er 19,5 kilometer lang.

To metodar er vanlege når ein skal drive ein tunnel: den konvensjonelle metoden med boring og sprenging, eller å bruke tunnelboremaskiner (TBM) som borar seg gjennom fjellet. Det er hovudsakleg desse TBM-maskinene som har drive Blixtunnelen på Follobana, noko som ikkje tidlegare har vore vanleg i Noreg.

TBM-maskinene er 150 meter lange og borar og transporterer bort knust stein. Entreprenørane brukte fire slike maskiner for å drive Blixtunnelen.

Steinstøv, kvarts og oljetåke

− Det finst lite vitskapleg litteratur om eksponering ved driving av tunnelar med tunnelboremaskiner, så i denne studien fekk vi høve til å kartleggje eksponeringa frå eit tidleg tidspunkt i prosjektet i starten av 2017 og heilt til siste gjennomslag i februar 2019, fortel Mimmi Leite som er lege og stipendiat på STAMI.

Under boringa kan TBM-arbeidarar bli eksponerte for ulike partiklar, som er kjende for å auke risikoen for redusert lungefunksjon, silikose og kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols).

− Dei viktigaste eksponeringane er steinstøv, kvarts og eventuelt oljetåke, forklarer Leite.

Helseundersøkingane bestod av datainnsamling med spørjeskjema, lungefunksjonsundersøkingar og blodprøver.

Eksponeringskartlegginga viste at alle arbeidarane på tunnelboremaskina vart eksponert for steinstøv og kvarts, og at dei som jobba framfor på maskina var høgast eksponert.

− Dette er i tråd med kva vi venta, sidan desse arbeidarane er tettast på støvkjelda, sjølve borehovudet på maskina, seier Leite.

Nyttig for framtidige prosjekt

Nivåa på kvartseksponeringa låg på ganske likt nivå som eksponering som tidlegare er publisert på tunneldriving ved bruk av boring og sprenging.

Nivåa for dieseleksos var låge, og oljetåke vart berre funnen i nokre prøver i svært låge nivå.

− Å bruke TBM er altså knytt til risiko for kvartseksponering viss dei geologiske forholda består av kvartshaldige bergartar. Dette er nyttig kunnskap å bruke i planlegging av framtidige tunnelprosjekt. Det er viktig å vite kva ein har å gjere med når arbeidsgivarar skal planleggje og utføre førebyggjande arbeid, konkluderer Leite.

Les vitskapleg artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk