Det mange ulike kjemiske stoff involvert i produksjon av olje og gass.

Eitt av desse er FAR, eit formaldehydfrigjerande kjemikalie som frigjer formaldehyd. Det kan skje spontant, eller gjennom reaksjonar med andre kjemikaliar eller vatn.

I petroleumsverksemd blir FAR-kjemikaliar hovudsakleg brukt for å fjerne hydrogendisulfid (H2S) i produksjonen eller i samband med boring eller brønnarbeid. I enkelte tilfelle blir det også brukt mot bakteriar, algeartar og sopp i drivstoff.

Er ein risiko for helsa

Det er godt dokumentert at eksponering for formaldehyd utgjer ein helserisiko.

Det kan dreie seg om irritasjon i auge, nase og svelg. Eksponering kan også føre til hudirritasjon og allergiske reaksjonar. Formaldehyd har også vist seg å ha sensibiliserande eigenskapar.

Det betyr at eksponering for dette stoffet kan føre til at ein ved seinare eksponering for stoffet kan få ein effekt på huda, slimhinner og luftvegar, sjølv ved veldig låg eksponering.

I 2006 klassifiserte International Agency for Research on Cancer (IARC) formaldehyd som kreftframkallande i gruppe 1. Dette skjedde på bakgrunn av tilstrekkeleg evidens for samanhengen mellom formaldehydeksponering og auka risiko for kreft i nase, svelg, og bihuler.

Seinare forsking har også stadfesta samanhengen mellom eksponering for formaldehyd og auka risiko for utvikling av leukemi.

I denne rapporten, som er laga i samarbeid med Havindustritilsynet, var målet å auke kunnskapen knytt til eksponeringssituasjonar og eksponeringsnivå for formaldehyd.

− Eit betre risikobilete er nødvendig for både å betre kunne forstå omfanget av utfordringane. Det er også viktig å gi næringa eit breiare kunnskapsgrunnlag for effektiv styring av risiko og gjennomføring av tiltak som kan redusere eksponering, seier STAMI-forskar Raymond Olsen, som har arbeidd med rapporten.

Rapporten kan du lese her

Operatørar bruker mest FAR-kjemikaliar

Resultata frå spørjeundersøkinga viste at 19 av 20 førespurde selskap rapporterte at dei brukte FAR-kjemikaliar. Berre tre av 20 førespurde selskap hadde starta eit arbeid for å kartleggje eksponeringsrisiko knytt til bruk av FAR-kjemikaliar.

Resultata frå undersøkinga viste vidare at FAR-kjemikaliar blir brukte av både operatørar og reiarlag, men at dei største voluma med FAR-kjemikaliar blir brukt av operatørane.

− Selskapa innrapporterte at prosessoperatørar, borepersonell og mekanikarar er dei som har størst risiko for å bli eksponert for FAR-kjemikaliar, seier Olsen.

Under grenseverdi

Datamaterialet omfatta 43 personlege målingar og 142 stasjonære målingar.

Ingen av dei personlege eksponeringsmålingane hadde ein konsentrasjon som var over gjeldande grenseverdi for formaldehyd, ved normering til ein 12-timars arbeidsdag eller takverdi.

Men éi innrapportert måling var over korttidsgrenseverdien til formaldehyd.

Korttidsverdi er gjennomsnittskonsentrasjonen av eit kjemisk stoff i pustesona til ein arbeidstakar som ikkje skal overskridast i ein fastsett referanseperiode – vanlegvis 15 minutt.

Takverdi er ein augeblikksverdi som angir maksimal konsentrasjon av ein kjemikalie i pustesona som ikkje skal overskridast.

− Fordelinga av målingar og talet på målingar gir ikkje eit tilstrekkeleg grunnlag for å fastslå eksponeringsrisiko for formaldehyd frå FAR-kjemikaliar i petroleumsnæringa, påpeikar Olsen.

Han legg til at rapporten understrekar behovet for å gjennomføre fleire kartleggingar ved bruk av personbårne prøver offshore på faste og flyttbare innretningar. På denne måten er det mogleg å fastslå eksponeringsrisiko for formaldehyd frå FAR-kjemikaliar i petroleumsnæringa.

Rapporten kan du lese her