Andre publikasjoner

Publisert

  • 2022

Forskningsområde

Temaovergripende

Det har vore eit stabilt tal på arbeidsskadedødsfall i bygg- og anleggsbransjen dei siste tre åra. Men i 2021 vart talet på meldte arbeidsskadar i bransjen det høgaste sidan 2016. Det viser den årlege rapporten om ulykker i bygg- og anleggsbransjen, som er utarbeidd av Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Bygg- og anleggsbransjen er den bransjen i det norske arbeidslivet med flest registrerte arbeidsskadedødsfall frå 2012 til 2021. Det vart registrert ni arbeidsskadedødsfall i denne bransjen i 2021. Dette er det same talet som i 2019, medan det var åtte i 2020.

I 2021 vart det registrert 2978 arbeidsskadar i bransjen. Dette er 480 fleire enn i 2020, og det høgaste talet sidan 2016.

Mostue, Bodil Aamnes; Glas, Sophie; Nyrønning, Cecilie Åldstedt; Gravseth, Hans Magne Ulrik

Les publikasjon Åpen tilgang