I 2019 arbeidde i alt 34 prosent av alle tilsette i norske verksemder utanom ordinær dagtid, anten gjennom ein skift- eller turnusordning (26 %) eller andre ordningar (8 %). 16 % oppgav at dei jobba natt i hovudarbeidsforholdet. Om lag 5 prosent av alle sysselsette hadde lange arbeidsveker, definert som meir enn 48 timer i hovudarbeidsforholdet.

Sjølv om bruken av utvida arbeidstid aukar i samfunnet, er det mangel på studiar som evaluerer kva for effekt slikt arbeid har på helse og tryggleik. Dette er viktig informasjon, mellom anna når ein skal planleggje skift- og turnusordningar.

STAMI har gjennomført ei systematisk kunnskapsoppsummering om korleis lang arbeidstid påverkar risikoen for ulykker, nesten-ulykker, tryggleikshendingar og skadar.

Kort oppsummert

Forskingslitteraturen dekka bransjane transport, industri, helse, bygg/anlegg, landbruk og yrkesaktive generelt, men forskarane fann at dei fleste studiane var gjort i helsesektoren. Typen uønskte hendingar som blei studert, inkluderte feilhandlingar, arbeidsskadar, trafikkulykker med meir.

  • Risikoen for uønskte hendingar aukar når arbeidstida er lenger enn 12 timar per dag (samanlikna med åtte timar eller færre).
  • Risikoen for uønskte hendingar aukar når arbeidstida er lenger enn 55 timer per veke (samanlikna med 35 – 40 timer).

Effekten av lang arbeidstid heng også saman med andre forhold, som kva tid på døgnet arbeidet blir utført, kor mange skift ein har etter kvarandre, kor lange pausar ein har og kor mykje kviletid det er mellom to skift og to skiftperioder.

Konklusjonane over gjeld hovudsakleg for skift- og nattarbeid, fordi fleire av studiane inkluderte arbeidstakarar som også arbeidde utanom ordinær dagtid. Konklusjonane kan dessutan bli endra av nye studiar, fordi evidenskvaliteten – det vil seie kor godt belegg det var for dei samanhengane ein fann – ikkje blei vurdert som tilstrekkeleg for nokon av studiane.

Forskarane gjorde systematiske søk i fem databasar (Medline, Embase, PsycINFO, Web of Science og Proquest Health and Safety Science Abstracts). Dei identifiserte 10 072 studiar som var publiserte før desember 2020.  Berre 22 av desse tilfredsstilte inklusjonskriteria.

Ein systematisk tilnærming blei nytta for å evaluere risikoen for eventuelle slagsider i utvalet og setje resultata saman i ein meta-analyse. Evidenskvaliteten blei bestemt ved hjelp av ein modifisert versjon av GRADE-systemet (the Grading of Recommendations Assessment, Development and Evaluation).