Publisert

Utrygge arbeidsforhold, som til dømes eksponering for helseskadelege kjemikalier eller belastande psykososialt miljø, kan ha store konsekvensar for helsa til tilsette.

I EU og i dei nordiske landa er arbeidsmiljøregelverk derfor viktige verkemiddel for å passe på god arbeidshelse og tryggleik i verksemder.

Handheving av lover og forskrifter knytt til arbeidsmiljø og tryggleik blir rekna som essensielt både av ILO og WHO, for å verne helsa til tilsette. Det er avgjerande å sikre at slike reguleringar og handhevinga av desse er evidensbaserte og effektive.

Nordisk kurs i Oslo

28. til 29. november leiar STAMI eit NIVA-kurs om desse problemstillingane. Kurset er i Oslo, og her skal leiande forskarar innan feltet gi eit innblikk i resultat frå den nyaste forskinga og frå pågåande prosjekt.

Meir informasjon om kurset og påmelding finn du her. Påmeldingsfrist er 23. oktober.

Bjørnar Finnanger Garshol er postdoktor ved STAMI, og skal leie dette kurset. Han ser fram til eit tverrfagleg perspektiv på regelverk og handleving i arbeidslivet.

– Fagpersonar frå HMS-feltet bidrar også med sine perspektiv og tilnærmingar til regelverk og handheving. Gjennom tverrfaglege diskusjonar skal vi sjå på nokre av utfordringane i skjeringspunktet mellom forsking og praksis innan HMS-regelverk og handheving, seier Garshol.

Kurset er primært for fagfolk innan tilsyn og administrasjon i arbeidslivet, fagfolk hjå partane i arbeidslivet, og for forskarar.

Oppdatert kunnskap

Ei viktig utfordring på feltet er å utforme solide studiar for å dekke kunnskapshola og gi fagfolk på feltet praktisk kunnskap.

– Ei anna utfordring er korleis vi kan integrere psykososiale faktorar både i regelverket og i handhevinga. Handheving av psykososiale regelverk kan kreve andre tilnærmingar enn handheving av regelverk knytt til fysiske tryggingstiltak, seier STAMI-forskaren.

For Garshol er målet med dette kurset å gi deltakarane oppdatert kunnskap om regulering og handheving av helse og tryggleik på arbeidsplassen.

– Kurset skal også gi høve til nettverksbygging, diskusjon og samarbeid mellom forskarar og fagpersonar på feltet, seier han.