Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og helse (NOA) ved STAMI, lagar det nasjonale faktagrunnlaget for arbeidsmiljø og helse. Her finn vi mellom anna oversikt over status for vald og truslar på norske arbeidsplassar.

Therese Hanvold er avdelingsdirektør for NOA, og i eit webinar med Studieforbundet AOF kan du sjå hennar gjennomgang av tal og statistikk om vald og truslar i det norske arbeidslivet.

Du kan sjå heile webinaret i videospelaren over.

Nøkkelen til effektiv førebygging

Det er totalt 7,1 prosent av alle sysselsette i Norge som er utsette for truslar eller vald på arbeidsplassen. Det er 187.000 personar i det norske arbeidslivet.

Vald og truslar på arbeidsplassen aukar risikoen for å utvikle psykiske plager, og risikoen for legemeldt sjukefråvær. Men det er eit stort potensial til å førebygge dette sjukefråværet.

Det finst ikkje ei klar oppskrift for korleis ein kan førebygge vald og truslar i arbeidet, men det viktigaste er å organisere, planlegge og gjennomføre arbeidet på måtar som minimerer risiko.

– Dette vil vere ulikt i ulike yrker. Så nøkkelen ligg i det lokale partssamarbeidet på kvar enkelt arbeidsplass, for å finne løysingane som kan redusere talet på hendingar med vald og truslar på jobben, seier Therese Hanvold i webinaret.

Kvinner er mest utsette

Det er klart fleire kvinner enn menn som blir utsette, og yrka med høgst førekomst av vald og truslar på jobben er kvinnedominerte yrker, med unntak av politi og vakt.

– Truslar og vald gjeld mange ulike yrkesgrupper. Det er ulikt kva typar hendingar som kan skje, og kven som står bak hendingane. Det kan vere elevar, kundar, klientar, pasientar og brukarar, seier Hanvold.

Omgrepet vald og truslar er veldig breitt og rommar mange ulike hendingar med ulike konsekvensar. Det kan vere alt frå verbale truslar og truande åtferd, til fysiske slag, spark og lugging. Men også meir alvorlege angrep som kan føre til alvorleg skade eller død.

– Men det er likevel kvar enkelt sin subjektive oppleving som avgjer om ein person opplever negative helsekonsekvensar av ei hending, på kort eller lang sikt, forklarer Hanvold.