Kursinformasjon

  • Når:
    6. februar 2024
  • Varighet:
    1 dag
  • Sted:
    STAMI sine eigne lokaler i Gydas vei 8, Oslo
  • Påmeldingsfrist:
    31. januar 2024
  • Kursavgift:
    2400 kr
  • Maks antall deltakere:
    24
  • Målgruppe:
    Målgruppa for kurset er BHT-, HMS- og vernepersonell knytt til verksemder som produserer, omarbeider eller bruker nanomateriale og nanoteknologi.

Nanomateriale er laga av, eller inneheld, partiklar som er mellom 1 og 100 nm store. Utviklinga i nanoteknologi har ført til at fleire ulike typar nanomateriale er i bruk i Noreg, innanfor mellom anna helse og biomedisin, elektronikk, sport, bygg og transport.

Men så små partiklar kan gå langt ned i lungene om ein pustar dei inn. Korleis kan dette påverke kroppen?

Forsking viser at eksponering for slike materiale kan gi negative helseeffektar. Arbeidstakarar som er involverte i produksjon, bearbeiding og bruk av nanomateriale er sannsynlegvis mest eksponerte. Å vurdere og handtere risiko knytt til å produsere og å bruke nanomateriale er derfor ein viktig del av det førebyggjande arbeidet i stadig fleire verksemder.

På dette dagsseminaret kan BHT-, HMS- og vernepersonell knytt til verksemder som bruker nanomateriale og nanoteknologi, få ei innføring i kva nanopartikler er, helseeffektar knytt til arbeid med nanomateriale og mekanismane som ligg bak.

Her får du også ei oversikt over det nasjonale regelverket og internasjonale reguleringar knytt til arbeid med slike materiale. Du får presentert korleis ein kartlegg og måler eksponering, og ikkje minst korleis ein vurderer grada av denne. I tillegg får du ei innføring i viktige moment knytt til risikovurdering og risikohandtering av nanomateriale.

STAMI er blant dei leiande i Noreg i dette feltet. Seminaret gir deg derfor ei solid innføring i fagfeltet slik at du betre kan hjelpe verksemder med å ta vare på helsa til arbeidstakarar som arbeider med nanomateriale.

Vi rundar av seminaret med eit samanfattande kasustikkarbeid, og det er sett av god tid til å stille spørsmål og utveksle erfaring.

Etter å ha delteke på seminar om nanomateriale, helse og tryggleik vil du ha kunnskap om:

  • Innføring i kva nanomateriale er
  • Samanhengen mellom eksponering for nanomateriale og helseeffektar
  • Nasjonalt og internasjonalt regelverk knytt til nanomateriale på arbeidsplassen
  • Kartlegging, prøvetaking og karakterisering av eksponering
  • Risikovurdering og risikohandtering av nanomateriale

Påmelding: Søknadsfrista er 31. januar.

Avmelding: Ved avmelding seinare enn 11. desember 2023 blir ikkje kursavgifta refundert. Ved sjukdom fell kravet bort dersom ein kan legge fram sjukmelding frå lege. For avmelding, send e-post til kurs@stami.no.

Med atterhald om endringar.

Program

  • Kl.

    Kaffi og registrering

  • Kl.

    Intro og velkommen

    v/STAMI

  • Kl.

    Kva er nanomaterialer og kva er dei laga av?

    v/Shan Narui, STAMI

  • Kl.

    Helseeffektar ved fabrikkerte nanopartikler

    v/Merete Drevvatne Bugge, STAMI

  • Kl.

    Regulering av nanomaterialer nasjonalt og internasjonalt

    v/Susann Wolf, STAMI

  • Kl.

    Prøvetaking og karakterisering av nanomaterialer i arbeidsmiljøet

    v/Torunn Kringlen Ervik, STAMI

  • Kl.

    LUNSJ

  • Kl.

    Kartlegging og vurdering av eksponering for nanomaterialer i arbeidsmiljøet

    v/Pål Graff, STAMI

  • Kl.

    Risikovurdering av nanomaterialer: ei medisinsk tilnærming

    v/Karl-Christian Nordby, STAMI

  • Kl.

    Kasustikkarbeid, døme på nanomaterialer og praktisk handtering på arbeidsplassen

    v/Pål Graff, Karl-Christian Nordby, Shan Narui, Susann Wolf og Torunn Kringlen Ervik, STAMI

  • Kl.

    Spørsmål og svar, oppsummering og avslutning

    v/Shan Narui, Torunn Kringlen Ervik, Karl-Christian Nordby og Pål Graff, STAMI