Det er lenge sidan nokon byrja å forske på kva kulde kan gjere med kroppen, vi opplever jo alle at kulde påverkar oss. Men akkurat no har det skjedd store, nye ting innanfor kuldeforsking.

– No har det kome ny kunnskap om dei molekylære mekanismane i kroppen, og vi kan vite meir om korleis kroppen reagerer på kulde. Så no vil vi sjå på mange ting på nytt, seier Fred Haugen, som er forskar ved STAMI.

Noko av denne nye kunnskapen han snakkar om fekk Nobelprisen i fysiologi og medisin i 2021, for sine store framsteg på dette feltet.

Det har lenge vore eit mysterium korleis huda seier frå til nervesystemet om temperatur og berøring på huda. Men den amerikanske forskaren David Julius oppdaga molekylære sensorar som gjer at vi kan kjenne varme og kulde.

Dei fleste har opplevd at frukten chili brenner på tunga. Men det er først for nokre få år sidan at Julius fann reseptoren på tunga som er ansvarleg for den smertefulle varmefølelsen som chili gir. Seinare fann dei kuldereseptoren TRPM8, som omset kulde til nervesignal. Denne reseptoren blir også påverka kjemisk av mentol.

Ny kunnskap som dette har opna dørene for ny forsking om korleis kroppen eigentleg reagerer på kulde.

Fred Haugen, forsker på STAMI.
Foto: Bård Gudim

Fred Haugen leiar fleire prosjekt på STAMI som undersøker arbeid i kalde omgjevnadar sin påverknad på helse. STAMI har dei siste åra forska på korleis kroppen reagerer på kulde, og etter kvart laga studiar som i tillegg gir oss kunnskap om samanhengar mellom kulde og arbeid.

No er forskarane i gang med eit stort prosjekt som samlar inn data direkte frå ein stor industriarbeidsplass der dei tilsette arbeider både dag og natt i eit kaldt miljø.

Dette skal vi kome tilbake til, men det har vore fleire forskingsprosjekt på vegen dit.

Mange arbeider i kulde

14 prosent av dei sysselsette i Noreg oppgir at dei er utsett for kulde i det daglege arbeidet, i til dømes kalde rom eller arbeid utandørs, viser Faktabok om arbeidsmiljø og helse, frå STAMI. Førekomsten er spesielt høg i yrkesgruppene anleggsarbeidar, tømrar, og bonde- og fiskaryrka, der over 50 prosent oppgir at dei er utsette for kulde på jobben.

Arbeid i kalde omgjevnadar kan gi frostskadar, kan auke risikoen for ulykker, og er sett i samanheng med fleire helseplager og sjukdomar. Enkelte funn tyder på at kuldeeksponering akutt og over tid kan ha innverknad på sjukdomar i pustesystemet, hjarte-karsjukdom, muskelskjelettplager og andre kroniske sjukdomar.

Men det har lenge vore store manglar på kunnskap om helsekonsekvensar av å arbeide i kalde omgjevnadar.

En brøytebil jobber med å fjerne snø fra en vei.
Så mange som 14 prosent av de sysselsatte her til lands rapporterer om at de jobber i kalde omgivelser. Foto: Franz Nooz/Unsplash.

«Fryser du no?»

Sidan 2017 har STAMI forska på korleis kuldeeksponering kan påverke arbeidstakarar sin helse. Først i STAMI-prosjektet ICElab, der Haugen og hans kollegaer skulle etablere metodar som dei seinare har brukt for å undersøke dei fysiologiske verknadane på kulde.


Her har dei prøvd å sjå om dei kan finne objektive mål for kroppen sin reaksjon på å arbeide i kalde miljø. Påverkar temperaturen korleis ein kan utføre arbeidet?

– Det er vanskeleg å finne objektive mål på det. Fryser du no? Svaret på det er nyttig, sjølv om det blir subjektivt. Vi har utsett forsøkspersonar for kulde i et klimarom ved STAMI og spurt om kuldetoleranse og målt personane sine smertetersklar i kulde. Førebelse funn tyder på at kroppen sin evne til smertedemping blir påverka av kulde, seier Tiril Schjølberg, som er overingeniør ved STAMI, og arbeider med kuldeprosjekta.

Vi vil sjå om det vi veit om reaksjonsevner og det å vere opplagt også gjeld i område med så store skilnadar i dagslys og mørke, mellom sommar og vinter.

Fred Haugen, STAMI-forsker

I éi av studiane levde mus i periodar på fire veker ved to ulike temperaturar i klimarom. Denne studien fann at dei som hadde vore i kaldt miljø, hadde høgare toleranse for kulde. Det har ikkje tidlegare vore kjent at langvarig kuldepåverknad kan endre genuttrykket i nervetrådane i huda, slik at ein etter kvart venner seg til kulde.

– Dette hjelper oss til å forstå korleis kroppen oppfattar informasjon om varme og kulde, og kva vi gjer med denne informasjonen, seier Fred Haugen.

Kalde netter

Ikkje berre korleis kulde påverkar kroppen, men også korleis kulde påverkar kognitive funksjonar om natta, samanlikna med om dagen.

Denne kunnskapen kan fortelje oss om det er nye utfordringar med skiftarbeid når det i tillegg er kaldt arbeid. Her har dei tatt prøver av både mann og mus i ein kuldelab. Forskarane undersøkte kor følsame testpersonane var for smerte i denne situasjonen. Dei undersøkte også korleis natta i kulde påverka testpersonane sin reaksjonstid.

Tiril Schjølberg, overingeniør ved STAMI.
Foto: STAMI

– Vi testa dei for smertefølsamheit og reaksjonstid, i tillegg tok vi blodprøver for å finne biomarkørar, seier ingeniør Schjølberg.

Biomarkørar er stoff eller molekyl som kan gi informasjon om ein underliggande tilstand.

Ein kald arbeidsplass

I denne fasen av prosjektet hadde dei framleis ikkje vore ute og gjort prøver på ein arbeidsplass, så dette var neste steg.

I mange sjømatmottak langs kysten arbeider dei tilsette i kalde rom. Dette er for å ta vare på kvaliteten til råvarene medan dei blir klargjort for vidareforedling eller transport. I tillegg til å arbeide i kalde miljø, er det mange som også arbeider skift i denne industrien. Derfor passa eit sjømatmottak godt til dette prosjektet. Etter eit skift skulle tilsette gi blodprøver og svare på spørsmål om korleis dei opplever sitt eige arbeidsmiljø.

Førebelse funn tyder på at kroppen sin evne til smertedemping blir påverka av kulde.

Tirill Schjølberg, overingeniør på STAMI

Med kunnskapen om kulde i samband med døgnrytme, er STAMI no i gang med endå eit prosjekt. Det heiter Noralert, og her skal Haugen og Schjølberg saman med ei stor gruppe nasjonale og internasjonale forskarar, bruke kunnskap frå dei tidlegare prosjekta, og undersøke samanhengar mellom kulde, døgnrytme, og no også dagslys.

På ein stor industriarbeidsplass i Nord-Noreg arbeider dei tilsette skift heile året. Ofte er det kaldt, spesielt om vinteren, og mykje av arbeidet skjer ute. I tillegg er det stor skilnad på dagslyset mellom sommaren og vinteren.

Korleis blir arbeidstakarane her påverka av desse variasjonane i lys og mørke? For å finne ut av det må dei ta prøver av dei tilsette både om sommaren og om vinteren.

– Vi vil sjå om det vi veit om reaksjonsevner og det å vere opplagt også gjeld i område med så store skilnadar i dagslys og mørke, mellom sommar og vinter. Kanskje må ein legge anna kunnskap til grunn for organisering av skiftplanar når lysforholda er annleis, seier Haugen.

I dette prosjektet skal dei også samle inn blodprøver og spyttprøver for å kunne studere korleis temperatur er med på å påverke korleis klokkene i cellene i kroppen er synkronisert. Altså om temperaturen ein arbeider i påverkar døgnrytmen, og om dette gir risikoar for langtidsverknadar på helsa.

Reelle resultat i felt

Studiar av alle desse problemstillingane sett i samanheng, finst ikkje frå før. Samspelet mellom å utvikle kunnskap gjennom forsøk i STAMI sine laboratorium, og å kome ut på arbeidsplassar og ta prøver i dei rette elementa, er avgjerande for å kunne gjennomføre så komplekse prosjekt.

Hånd som holder isklump
Foto: Martina Vitakova/Unsplash

– Det er først når vi er ute i felt at vi kan få dei reelle resultata. Hadde det ikkje vore for dei tidlegare stega, hadde det vore vanskeleg for oss å vite kva vi skulle sjå etter på dette stadiet seier overingeniør Schjølberg.

Desse reelle resultata får vi ikkje vite enno. Innsamlinga av data frå industriarbeidsplassen i Nord-Norge skal vere ferdig i 2024. Men eit grundig arbeid med stadig utvikling av ny kunnskap, vil etter kvart kunne gi oss svar på mange store spørsmål om arbeidsmiljøet til ei stor gruppe i arbeidslivet.