Ulike yrke og bransjar har ulike utfordringar når det gjeld både arbeidstid og arbeidsinnhald. Forsking viser at ulike arbeidstidsordningar – som skift, turnus, nattarbeid, eller mange arbeidstimar i strekk – påverkar helse og tryggleik i arbeidslivet.

Utfordringa i dag er at det finst for få presise data om samanhengen mellom arbeidstidsordningane og helseeffektar.

Logo - nasjonalt arbeidstidsregister A-TID

Derfor har STAMI fått i oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet å opprette Nasjonalt arbeidstidsregister, eller A-TID i kortversjon.

Mange negative effektar

I internasjonal samanheng har Noreg gode arbeidstidsordningar. Arbeidstida er regulert, og ho er tilpassa ulike sektorar. Utgangspunktet for reguleringane er dei til kvar tid gjeldande lover, forskrifter eller tariffavtalar på området.

Samtidig veit vi at ugunstig arbeidstid kan henge saman med både kortvarige og langvarige helseutfordringar. Døme på dette er søvnforstyrringar, feilhandlingar og ulykker, psykiske plager, hjartekarsjukdom, muskelskjelettplager, kreft, sjukefråvær, nedsett produktivitet og fråfall frå arbeidslivet.

Faktabasert kunnskap om arbeidstid

− A-TID skal undersøke effekten av ulike arbeidstidsordningar på helse ved å kople registrert arbeidstid med informasjon om helse, tryggleik og sjukefråvær. Målet er å skaffe faktabasert kunnskap til norsk arbeidsliv om kva forhold det er spesielt viktig å sette søkjelys på når dei ulike verksemdene planlegg arbeidstid, forklarer Dagfinn Matre, fagsjef for arbeidstidsforsking på STAMI.

Dagfinn Matre har forska mykje på korleis arbeidstidsordninger påverkar oss. Foto: Geir Dokken

− Vi veit at ulike arbeidstidsordningar påverkar helse og tryggleik. Likevel treng vi meir presise data om den faktiske arbeidstida for å kunne komme med klarare tilrådingar, som er tilpassa både behovet for verksemdene og helsa til arbeidstakaren, legg han til.

Eit døme på kva kunnskapen frå A-TID skal brukast til, er fastsetting av grenseverdiar. Kanskje er det lurt å tilråde eit maksimalt tal nattevakter per år?

Treng meir data

Matre er tydeleg på at ei betre forståing av utfordringane og korleis desse påverkar helsa til dei tilsette, kan bidra til auka produktivitet, færre arbeidsrelaterte plager og at folk blir ståande lengre i arbeid.

−Målet er at arbeidsgivar får ein gevinst ved redusert sjukefråvær, og at samfunnet kan redusere kostnader til sjukepengar, langtidsfråvær og uføre.

Dagfinn Matre, fagsjef for arbeidstidsforsking på STAMI

Derfor er STAMI no i full gang med å invitere norske verksemder til å delta i A-TID.

−Alle typar større og mindre verksemder som registrerer arbeidstida elektronisk, er velkomne til å delta i satsinga, uansett arbeidstidsordning. Når informasjonen allereie ligg lagra i tidsregistreringssystema for verksemdene, blir kostnaden liten for verksemdene som vel å delta i A-TID, lovar Matre.

Fordelar ved å delta

Han peikar òg på at verksemdene får mykje igjen for å bli med i satsinga. Mellom anna vil dei få jamlege rapportar der dei kan samanlikne eigne arbeidstidsordningar med andre verksemder i bransjen.

− Dei tilsette får betre kunnskap om korleis dei best kan tilpasse arbeidstidsordningane deira med tanke på førebygging av sjukdom og skade, samtidig som behovet for verksemda blir tatt vare på. Vidare vil dei få råd om korleis arbeidstidsordninga deira kan redusere risikoen for sjukefråvær, opplyser Matre.

Viktig for samfunnet

Han understrekar at kunnskapen frå A-TID òg blir viktig i eit samfunnsperspektiv, ved at styresmaktene og partane i arbeidslivet kan følgje utviklingstrendar i arbeidstidsordningar over tid. Dermed får norsk arbeidsliv eit betre kunnskapsgrunnlag om forsvarlege arbeidstidsordningar. Det kan brukast i forhandlingar eller revisjon av nasjonale arbeidstidsordningar.

−Målet er at arbeidsgivar får ein gevinst ved redusert sjukefråvær og at samfunnet kan redusere kostnader til sjukepengar, langtidsfråvær og uføre, påpeikar han.

Var aldri i tvil

Block Berge er Rogalands leiande leverandør av prefabrikkerte konseptløysingar i betong, og har ei solid historie som starta i 1966. Verksemda er delt i dei to forretningsområda betongelementsproduksjon og elementmontasje.
Hovudfabrikken ligg på Kleppe like utanfor Sandnes, men montørane i Block Berge reiser rundt i heile landet for å sette opp bygg.

Daniel Sandvik er HMS-leiar ved Block Berge

− Vi produserer på ein måte lego for vaksne, smiler HMS-leiar og fagarbeidaransvarleg Daniel Sandvik.

− Elementa blir produserte på Klepp, og blir sende til lokasjon saman med ein gjeng herifrå som set dei opp før dei reiser igjen.

Dette er med andre ord ikkje ein åtte-til-fire-jobb.

− Vi har ei ganske dynamisk arbeidstid ut frå kor travelt vi har det, men opererer stort sett med både kvelds-, natt- og morgonskift. Betongblandarane byrjar klokka to om natta, og støypearbeidet byrjar klokka tre. I tillegg har vi òg personar på såkalla 12-9-rotasjon. Eit typisk døme er dei som reiser langt av stad for å setja opp eit bygg. Dei vil vera 12 dagar på og ni dagar av, forklarer Sandvik.

Om vi har forskingsbasert kunnskap å lene oss på når vi skal sette opp arbeidstidene våre, er jo det eit kjempepluss

Daniel Sandvik ,HMS-leiar ved Block Berge

Han meiner Block Berge er ein ypparleg kandidat til prosjektet, sidan verksemda representerer mange menneske med veldig ulik arbeidstid.

Her byggjer dei Nor-Engros bygget på Forus, utanfor Stavanger. Foto: Daniel Sandvik

Vil bidra til forskingsbasert kunnskap

Ifølgje Sandvik fanst det aldri tvil om at Block Berge skulle delta i A-TID.

− Her får vi moglegheita til å bidra til eit kunnskapsgrunnlag som kan brukast til å forbetre lovgivinga om regulering av arbeidstid. Og om ikkje det er motivasjon nok, så har eg vanskeleg for å sjå kva som kan vera det, seier HMS-leiaren.

− Trafikkreglar blir laga for å ta vare på liv og helse. Og det er jo det same med arbeidstidslovgivinga. For oss som bedrift er det utruleg viktig at våre tilsette ikkje blir skadelidande på grunn av forhold som er knytt til arbeidstid. Så om vi har forskingsbasert kunnskap å lene oss på når vi skal sette opp arbeidstidene våre, er jo det eit kjempepluss, understrekar han.

Illustrasjon: Melkeveien

Kven kan delta i A-TID?

Alle typar større og mindre verksemder uansett arbeidstidsordning. Ønskjer verksemda di å delta, send ein e-post til a-tid@stami.no.

Les meir om prosjektet på stami.no.

Korleis går innsamlinga av data føre seg?

For å delta i A-TID, må verksemda gi STAMI regelmessig tilgang til arbeidstidsdata til dei tilsette. Vi har ein samarbeidsavtale med firmaet Infobric, og overføringa av data vil skje automatisk etter at verksemda har takka ja til å bli med.

Kva med personvernet?

A-TID vil oppfylle alle kriterium i GDPR-lovverket. Behandlingsgrunnlaget som vil bli nytta for registeret er GDPR-artikkel 6 (1) bokstav e, som seier at «behandlinga er nødvendig for å utøve ei oppgåve i interessa til allmenta» med tillegga i personopplysningslova §§ 8 og 9.