Bistår du bedrifter med ergonomiske risikokartleggingar og utarbeiding av tiltak og lurer på korleis du best går fram? Veit du kva tiltak som er primærførebyggande?
Kurset gir eit oversyn over førekomstar av arbeidsrelaterte muskel – og skjelettplager, risikofaktorar og førebyggande tiltak på arbeidsplassen. Vi legg også vekt på kva slags kunnskap BHT skal formidle til verksemdene. Undervisninga består av forelesningar og det er sett av tid til gruppearbeid og å stille spørsmål under kurset.
Basiskurset skal gi kunnskap om følgjande tema knytt til ergonomi og arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager:
- Førekomst
- Risikofaktorar
- Risikokartlegging og -vurdering
- Førebyggande tiltak, med hovudvekt på primærførebygging
- Formidling av kunnskap til verksemdene
Målgruppe for kurset er BHT-ansatte som dekker kompetanseområdet ergonomi og arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplager og som ønsker å utvide kunnskapen sin om primærforebygging. Kurset er òg ope for andre med interesse for temaet
Deltakarane bør vere tilsette i, eller ha fast tilknytting til, ein godkjent BHT som bistår verksemder med kunnskap knytt til kompetanseområdet. Det er ein fordel å ha gjennomført Grunnkurs for BHT, men dette er ikkje eit krav. Erfaring har vist at deltakarar med Grunnkurs for BHT har større forståing for det å jobbe førebyggande og dei har større utbytte av kurset. For tidlegare deltakarar frå Grunnkurset i BHT vil dette kurset vere ein fordypning innan dette fagfeltet.