– Vi må sørgje for å gi sommarvikarane ein trygg start på arbeidslivet, oppmodar Therese Hanvold, direktør ved STAMI.
Det er sommar, mange skal ha ferie, og ungdommar står klare for å dekkje opp for ferierande tilsette. Eller for å få hjula i gang i sesongbaserte bedrifter. For fleire vil det bli deira første møte med arbeidslivet.
Arbeid er ei viktig kjelde til god helse. At unge får jobb er derfor bra for både den fysiske og psykiske helsa. Det gir i tillegg tilgang til samhald, utvikling, meining og meistring. Det er rett og slett bra for oss som menneske å jobbe.
Men dette gjeld berre viss arbeidsmiljøet er godt. Det er godt dokumentert at eit dårleg arbeidsmiljø kan gi helseplager, fråvær og fråfall. Så det å sikre eit godt arbeidsmiljø også i starten av arbeidslivet lønner seg.
Ressurssterk, men sårbar gruppe
Unge arbeidstakarar er ofte sett på som ein frisk, ny, sunn og framstormande gruppe som er klar for å «ta i eit tak». Dei er ein uvurderleg arbeidskraft og ressurs fordi dei ofte har høg grad av fysisk arbeidsevne.

– Men det mange kanskje gløymer, er at unge menneske er aller mest utsette for ulike arbeidsbelastningar, arbeidsulykker, vald, og trakassering på jobb. Arbeidsoppgåvene dei blir sette til å gjere, i kombinasjon med lite erfaring og opplæring, er nokre av grunnane, fortel STAMI-direktøren.
Hanvold har sjølv forska på nettopp unge i arbeid, og har oversikt over kva grupper av dei unge som er mest utsette for ulykker og ulike belastningar i arbeidsmiljøet.
Unge (17-24) ufaglærte i mellombelse stillingar er ei gruppe som er særleg utsett.
Tenk deg at ein ung vikar har nattevakt på ein kiosk med ansvar for kiosken åleine, og opplever ein skummel episode der ein kunde opptrer truande. Eller at nokon blir sette til å handtere ei maskin eller eit utstyr som ein ikkje har erfaring med, og som ved feil bruk har konsekvensar for eigen eller andres liv og helse.
Kva gjer ein då? Korleis kan ein førebyggje slike uheldige jobbsituasjonar?
– God nok opplæring er heilt nødvendig for å førebyggje dette. Verksemder må møte dei unge med system og rutinar for korleis ein kan handtere truande situasjonar og at ein får snakka om det i etterkant. Det vil bidra til å gi dei den gode starten dei treng, seier Hanvold.
Nokre bransjar meir utsett
Kva som kan vere risikoar som spesielt dei unge er utsette for, varierer frå arbeidsplass til arbeidsplass, og mellom kjønn. Tal frå STAMI viser eksempelvis at unge mannlege yrkesaktive har høgare risiko for arbeidsskadar med fråvær det siste året, samanlikna med andre mannlege yrkesaktive.
Unge kvinnelege tilsette rapporterer at dei er nærare tre gonger meir utsette for uønskt seksuell merksemd enn arbeidstakarar generelt. Tilsette i servitøryrke og i pleie- og omsorgssektoren er mest usatt.
Mellombels tilsette er i tillegg meir utsette enn dei som er fast tilsette, og risikoen er mykje høgare blant dei som arbeider skift og turnus, samanlikna med dagtid.
I butikk og tenesteyrke er unge arbeidstakarar overrepresenterte. Over 40 prosent av tilsette i denne næringa er unge mellom 17 og 24 år. Her kan utfordringane vere til dømes arbeidsskadar og uønskt seksuell merksemd på jobb.

Manglar erfaring og opplæring
Sesongarbeidere eller sommarvikarar skal gjerne vere i jobben ein kort periode, og det er kanskje venta at dei skal vere effektive frå dag éin. Tal frå STAMI viser at ein høgare del i mellombelse stillingar oppgir at dei må utføre oppgåver som dei ikkje har fått tilstrekkeleg opplæring i.
I tillegg viser studiar at unge arbeidstakarar ofte kopierer både god og dårleg arbeidsåtferd og HMS-kultur frå meir erfarne kollegaer.
Hanvold minner om at verksemda bør stille med god nok informasjon og opplæring både før og undervegs, sjølv om dei ikkje får spørsmål frå vikarane. Ein bør tenkje over at dei kanskje ikkje tørr å spørje.
– Det kan vere at dei unge blir utsette for farar på jobb på grunn av at dei har ein stor stå på-vilje og vil vise at dei klarer jobben. Kanskje vil ikkje dei som er nye på jobben vere ei byrde og spørje for mykje, fortel ho.
Ei slik innstilling kan vere noko mange ser på som positive eigenskapar.
– Det kan ein absolutt setje pris på. Men på same tid må leiarar og dei som skal lære bort vere klare over at dei unge manglar erfaring frå arbeidslivet, og ikkje er like klare over konsekvensar av sine val. Det er viktig å sørgje for å vere gode førebilete og ha ein kultur for å kunne seie frå om ting, poengterer STAMI-direktøren.
Må kartleggje utfordringane i arbeidsmiljøet
– Det er nødvendig at verksemda identifiserer kva som kan vere problemstillingar og risikoar i jobben, og at dei har ein rutine på korleis ein møter utfordringane. Dei bør tenkje gjennom både dei sjølvsagde farane og dei uskrivne reglane. Mykje handlar om det som “sit i veggene”, og i hovudet til dei erfarne arbeidstakarane. Det lærer ein undervegs på jobben, og det har ikkje unge vikarar erfaring med frå før.
Før ein set den nytilsette i gang med arbeidet bør ein systematisk gå gjennom korleis ein handterer ulike situasjonar eller risikoar. Anten det er ein utagerande pasient, upassande kommentar frå ein kunde, eller ei maskin ein skal handtere.
Ikkje minst er det viktig å gå gjennom korleis ein jobbar for å førebyggje at problemstillingane oppstår.
– Framfor å sende dei uerfarne vikarane ut på djupt vatn og håpe på at dei kan å symje, er det mykje betre å gi dei ei verktøykasse med råd og retningslinjer som kan trygge dei. Det er dette førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet handlar om, seier Hanvold.
Viktig gruppe for eit berekraftig arbeidsliv
Hanvold meiner at for at fleire skal kunne delta i arbeidslivet framover, må vi sørgje for ein god, trygg og sikker start i arbeidslivet for alle unge.
– At unge kjem inn i ei verksemd med eit godt arbeidsmiljø vil også hindre at terskelen inn i arbeidslivet blir for høg for enkelte. Å auke deltakinga til dei unge i arbeidslivet og inkludere fleire i arbeid er eit viktig mål. Og her står arbeidsmiljøet heilt sentralt.
Det kostar både den tilsette, bedrifter og samfunnet masse om samfunnet ikkje lykkast med å førebyggje sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.
– Derfor er det viktig at vi snakkar om arbeidsmiljøet for unge arbeidstakarar, og auke forståinga for verksemdene for dette. Vikarar og sesongarbeidarane er garanterte klare for å ta i eit tak, men då må vi sørgje for at dei blir møtte med opplæringa dei treng. Då kan dei møte utfordringane i arbeidslivet på ein måte som gjer at fleire kan inkluderast, færre blir sjuke av jobben sin og at fleire kan stå lenger i arbeid, seier STAMI-direktøren.
Tips for ein sommar utan ulykker og skader
Hugs at unge sommarvikarar ofte er veldig motiverte for å gjere ein god innsats, men:
- manglar utdanning og har lite erfaring med ulike arbeidsoppgåver og arbeidsprosessar
- kan vere mindre merksane på risiko ved arbeidet
- har lite erfaring og kjennskap til jobben og omgivnadene
- har varierande modnad både fysisk og mentalt
- har låg status og melder sjeldan frå om problem
For at unge sommarvikarar skal få ein god start på arbeidslivet er det viktig at:
- dei unge får god og systematisk opplæring i dei aktuelle oppgåvene dei blir sette til
- dei får ein fadder som gir dei ei innføring i «korleis har vi det- og -gjer vi det – hos oss»
- ein kommuniserer tydeleg kva risikoforhold som er i jobben
- dei får oppgåver og arbeidsverktøy som står i forhold til føresetnadene deira
- dei får oppfølging når dei gjer oppgåvene første gong og at ein er open for dialog undervegs